lørdag 1. oktober 2016

Varme pledd til vinteren

   
Hausten er her alt og vinteren står for døra. Då er det fint å vera på hytta, fyra i omnen og tulla seg inn i eit godt pledd med ei god bok og ein kopp kaffi eller te og kanskje noko godt i glaset i tillegg.

 2 pledd i Eskimogarn har vorte strikka.  Måtte gå til innkjøp av ny pinne 20, så tjukk pinne har eg aldri strikka med før.

 
La opp 55 masker og strikka perlestrikk:  rett og vrang, neste omg rett over vrang og vrang over rett. Dobbelgarn og 24 garnnøster.  Kjekt arbeid, strikkar gjerne fleire etterkvart.



tirsdag 29. mars 2016

Dobbeltferie og Osloanorakk


Påskehelga er over, men eg har framleis ferie; vinterferie.  Slik vart det i år i Bergen og ein del omliggjande kommunar.  Ikkje noko eg har hatt påverknad på og ikkje noko eg synes om, men slik er det altså.  Arbeidsledig er eg ikkje!


Påska i år vart ei heller våt affære, men me prøvde å kosa oss på hytta likevel med god mat, lesing, litt oppussing og strikking.  Turgåing vart det mindre av, her må eg skulda meir på meg sjølv enn det dårlege veret, for så lenge ein har gode regnkle/turkle, så synes eg det er heilt greitt å gå på tur i all slags ver.

 Utsikt frå hytta (biletet teke i fjor).


Vart ferdig med ein Osloanorakk; kjapp å strikke i Nepal på p nr 6.  Mønsteret tilpassa eg frå ei oppskrift eg fann på ei Fb gruppe og litt støtte frå ei oppskrift frå Pickles.

 
Godt å sjå den gryande våren på anmarsj på marka like før me drog heim att, alltid mykje kusymre rundt hytta om våren.  (Akkurat dette biletet er frå i fjor).


 No ventar hagearbeid her heime. Planen er å skifta ut mange av dei eldre plantane som ikkje er så fine lenger.

søndag 6. mars 2016

Sikksakkskjørt


Ferdig med 2 sikksakkskjørt frå Klompelompeboka.  
Det første forsvann i ein fei utan at eg fekk tatt bilete, så då måtte eg strikka meg eit nytt eit.  Superbehageleg, elastisk skjørt som gjekk fort å laga.  


Strikka i Sandnes Merinoull, herleg garn å strikka i.


lørdag 20. februar 2016

Lev landlig


Bladet Lev Landlig er mitt absolutte favorittblad.  Veldig glad i gamle og nostalgiske ting, og synes det er spennande med gamle handverksteknikkar og tilbereding av mat på gamlemåten. I dette bladet finn eg mykje inspirasjon, manglar berre eit gamalt hus......  Har abbonert i 2 år no, berre synd eg ikkje oppdaga bladet tidlegare. 


Bladet hadde nemleg 10-års jubileum for ei tid tilbake, og i denne anledning vart det designa ei Lev Landlig-kofte i to variantar.  No har eg strikka kofta i den klassiske varianten grått og blått. 


Kofta eller stikketrøya som eg er van med å seie, skal eg ha på hytta.

Kofta er strikka ovanfrå og ned.  Første gongen eg gjer det og veit ikkje heilt om eg likar dette eller ikkje.  Fordelen er sjølvsagt at det er enkelt å få kofta og ermane passe lange.


 

søndag 14. februar 2016

Snippespekulasjer


Enkelte ting tar lang tid; denne gongen har eg brukt 3 år på å sy ferdig dette teppet. 


Var med i ein BOM - Snippespekulasjer - frå Lappemakeriet.  Pakkane kom - fortare enn eg rakk å pakka dei ut!  


Alle blokkene er handsydd rundt papir, så det var lett å ha arbeidet med seg rundt omkring. 

Gitteret er sydd på med maskin.  Handquilta er det nok ikkje, men her har eg som vanleg fått Meretes
 Ouilteloft til å quilta teppet for meg.  


No er iallefall dette teppet i boks, men har endå to større ufo-ar liggjande.  Var nok inne i ein slags steam med BOM-ar ein periode, lett å la seg frista ......

Berre å stå på vidare, så vert nok dei også ferdige tilslutt vil eg tru. 



søndag 31. januar 2016

GAAA teppet mitt


Etter 2 1/2 år er endeleg GAAA teppet mitt ferdig.  The Great American Aran Afghan.  Har vore med i ei samstrikkgruppe på Fb, der me skulle strikka 1 lapp pr 14 dagar.  Det var det faktisk ingen som greidde å gjennomføra, men ferdig vart eg no omsider.  Dei to siste lappane brukte eg eit halvt år på!

 
Lappane er designa av ulike amerikanske kvinner, som var med i ein konkurranse, og dette er vinnarlappane som er sett saman til eit teppe.  Har hekla lappane saman med kjedemasker, tok si tid det også, for lappane hadde ikkje like mange masker.




Tilslutt ein maaange meter lang flettekant rundt heile teppet.  

Veldig god kjensle å endeleg vera ferdig! 


søndag 10. januar 2016

Håøytoppen

I dag gjekk turen til Håøytoppen.  Ein halv times biltur unna før starten på turen, likevel hadde me ikkje vore her tidlegare. Ingen tung tur, men is ligg framleis i turstiane, så mange stadar er det best å gå på sida av stiane.  Sidan frosten har halde seg ei stund no, var det hardt underlag, så det var muleg å gå der ein ville.  Akkurat i det me starta å gå, begynte det å snø litt.  Snøen låg seg som eit kvitt lag oppå isen, så me måtte gå forsiktig.
Godt tilrettelagt sti


Mai elskar å gå på tur

Flotte isformasjonar langs løypa

Toppen er nådd.  Alversundbrua skimtast i bakgrunnen.

Flott utsikt om enn noko disig.

Mot sør; brua mellom Frekhaug og Flatøy.

Me starta med betongblandeverket på Flatøy, like ved E39.  Sjølv om ein heile tida går på same øya, er det likevel to ulike øynamn:  Flatøy og Håøyna.  Håøyna var ein strategisk viktig forsvarsstad under både 1. og 2. verdskrig, og dette kunne me sjå restar etter både undervegs og på toppen der det var kanonstillingar.  Toppen ligg 171 m.o.h., men oppe på toppen er det ope og fritt med utsikt i mest alle retningar.

mandag 4. januar 2016

Veten i Åsane

Tida flyg, nesten eit år sidan forrige blogginnlegg.  Har ikkje tenkt å leggja ned bloggen, nyttårsfortsett plar eg ikkje ha, men må prøva å få til litt hyppigare innlegg i det nye året!


I går prøvde me ut eit nytt turområde i eit strålande, men kaldt vestlandsver.  Me køyrde ein times tid sørover i retning Bergen.  Over Nordhordlandsbrua tok me av bort mot Hordvik og derette køyrde me oppover mot Falkanger der me parkerte.  Etter eit lite stykke til fots kom me forbi Sætregården og inn på den Trondhjemske postvei.



Me gjekk forbi ei flott steinløe før me tok av på sti opp mot Veten.  Stien opp var bratt og isete, men utsikta var flott.  På toppen var det ei eineståande utsikt i alle himmelretningar.

Veten ligg 486 moh og er høgaste toppen i Åsane.  Som namnet fortel, var dette ein del av det gamle vetesystemet.  Når det var mistanke om at fiendar var på veg, vart det tent bål på toppen og varsla til neste vete (varde) og folk ikring.  





Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...