tirsdag 29. juli 2008

La Rose er ferdig



Har fått gjort ferdig La Rose etter AnnAKa sitt mønster i Quiltemagasinet. Kjøpte inn maling og pensel og prøvde meg på paintstick for første gong. Det var enkelt å få det til, for som vanleg har AnnAKa gode og detaljerte arbeidsbeskrivelsar. Er ikkje så veldig glad i frihandsquilting, men heldigvis skulle det berre quiltast med "linjer" på denne løparen.

Summer Dreams sokkar


Har strikka ferdig eit par sokkar i Bamboozle garn. Herleg garn å strikka med i varmen som vi har no om dagane. Sokkane er strikka i ca str 35/36, hadde tenkt at dette skulle verta eit par sokkar til meg sjølv, men garnet rakk ikkje til min størrelse, sjølv om mønsteret sa at det skulle vera nok med to nøster. Dermed vart det nye sokkar til yngstejenta i huset istadenfor.

torsdag 17. juli 2008

"La Rose"





Har starta å sy denne løparen som det stod mønster på i Quiltemagasinet nr 2/08. Gjett kven som har laga mønster? AnnAKa sjølvsagt. Har sydd mange ting som ho har designa - og fleire vert det om du følgjer med i bloggen min framover. I denne løparen skal det brukast paintstiks - oljestiftar. Det har eg aldri før brukt, men teknikken er enkel. Først vaska, tørka og strauk eg stoffet eg skulle bruka paintstiks på. Så teikna eg teksten over på frysepapir (dette måtte eg kjøpa på ein matvarebutikk/kjøttdisken), og klipte ut bokstavane med ei lita, tynn saks. Så strauk eg frysepapiret fast oppå stoffbiten. Deretter fjerna eg den ytre hinna på krittet med ein liten kniv og gnei krittet mot eit tørkepapir slik at lause partiklar vart fjerna. På eit papir laga eg ein flekk med maling og gnei ein pensel inn i malinga. Tilslutt mala eg over bokstavane i sjoblongen og reiv papiret forsiktig av. No skal malinga tørka i 3-5 dagar før eg kan skylla og tørka stoffet og sy vidare på arbeidet.

På pinnane

Har starta på eit par sokkar i eit garn eg har hatt liggjande ei stund.

Hekla tunika

Har hekla denne tunikaen til meg sjølv. Modellen sjølv syntes tunikaen var litt for stor til ho, men var likevel villig til å la meg få ta bilete. Masse luftmasker og det beste av alt; nesten ingen montering, berre nokre trådendar å festa. No er det berre å venta på fint sommarver att,
slik at eg får tatt tunikaen i bruk.

Kvalpekull nr 2

3 døgn etter at den eine tispa vår fekk kvalpar, fekk den andre tispa vår eit kull på 4 kvalpar.
I dette kullet er det 1 tispe og 3 guttar, den eine av guttekvalpane er kremfarga. Denne fargen er ikkje godkjent etter norske reglar, men er godkjent i bl.a. Japan, der hunderasen opprinneleg kjem frå. Den vesle lyse kvalpen er heilt nydeleg, og det er mange som gjerne vil ha ein kremfarga Shiba, så det vert ikkje vanskeleg å finna ein god heim til denne kvalpen også.
No har vi totalt 7 kvalpar, så det skal verta liv og røre i huset framover. Den vesle kvalpen frå forrige kull er alt no ein rund og god liten krabat, så det gjekk heldigvis bra med han.

mandag 14. juli 2008

Kvalpekull




Det har vore stille her på bloggen min ei god stund no. Har hatt ein travel forsommar utan den heilt store tida til handarbeid. Har fått ferdig nokre Ufoar, men dei får eg visa ein annan dag.

I går fekk den eine tispa vår 3 kvalpar, ei tispe og to guttar. Dette er andre kullet hennar.

Den eine guttekvalpen var litt liten og pjuskete, så vi har passa ekstra godt på at han finn fram til "matfatet". Hyppige veiingar viser at han tar til seg næring og legg på seg, så det ser ut til at dette skal gå bra.

Hunden heiter Akane (eit japansk namn som betyr fargen på soloppgangen/solnedgangen) og
rasen heiter Shiba.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...