søndag 24. februar 2008

Angorakaningarn


Bente har vore så snill og spunne opp ein del av ulla eg har fått frå angorakaninane min. Eg har ikkje lært meg å spinna endå, sjølv om utstyret har vore på plass lenge. Men ein gong når eg får tid .... På torsdag skal eg på strikkekafè i Knarvik, og då skal eg kjøpa meg strikkeboka"Myk start" av May Bente Langhelle. Forfattaren skal sjølv vera tilstades og signera boka. Eg har bladd gjennom boka, og veit at det finst mange fine oppskrifter som eg kan bruka til angoragarnet mitt.

Lommetøflar





Av restegarn frå fjellsettet eg strikka, har eg laga 2 par lommetøflar. Desse tøflane er veldig kjekke og strikka, så det er nesten slik at eg ikkje kan leggja arbeidet frå meg før eg er ferdig med eit par.

Veskeframdrift


Har sydd på denne veska i helga. No har eg berre att lukkekanten og hankane. Har tenkt å gjera veska ferdig på kurset på tirsdag.

torsdag 21. februar 2008

Veske med lokk




Sist veke begynte eg på "klubbkurs" i http://www.quiltekroken.no/ Vi er 10 damer som syr saman annankvar tirsdag. Her får me gjort ferdig ufoar og får inspirasjon av kvarandre til å ta til på nye ting. Første kvelden starta eg på ei veske med lokk etter ei oppskrift av Bente Malm.


Har klipt ut alle delane til både sjølve veska og stoffet eg skal ha til for inni veska, og kome godt i gang med quiltinga.


Veggoppheng AnnAKa mønster




Dei siste dagane har eg sydd vidare på ein Ufo eg begynte på for eit år sidan. No gjenstår berre
litt meir quilting og lukkekantar, men det får vera til eg får godt dagslys att.

Sokkar med mønster




Har endeleg fått ferdig sokkane. Først var det ein del feil i mønsteret og så fekk eg for lite garn av den eine mønsterfargen, men no er heile settet klart til å takast i bruk.


Eg har funne mønsteret i boka "Varmekilder".




søndag 10. februar 2008

Lue, vottar og sokkar

















Har strikka ferdig vottar og lue til mannen i huset. Han treng varmt ulltøy når han dreg til fjells. Lua er strikka med hals til å brette ned ... og vil han ikkje brette den ned, kan han brette den opp! Det høyrer også med sokkar til det same settet, er nesten ferdig med den eine og kome halvvegs på sokk nr 2. Mykje arbeid, og litt kronglete fordi det var ein del feil i oppskrifta i tillegg til at eg måtte strikka sokkane i mindre storleik enn oppskrifta. Sjølv om eg brukar tynnare pinnar, vart sokkane for lange og eg må tilpassa oppskrifta før tåfellinga.

Sokkebok


Sist veke fekk eg den flotte sokkeoppskriftboka til vis2vas i posten. Har kosa meg veldig med å sjå på dei ulike oppskriftene, og gler meg til å bruka oppskriftene. Må berre prøva å få gjort ferdig nokre ufoar først. Snart er det vinterferie, så då får eg håpe på at eg får betre tid!

mandag 4. februar 2008

Babytrøye og sokkar i angorakaninull


Har strikka ei babyundertrøye og eit par sokkar av ull frå angorakaninane mine. Dette skal vera ei gåve til ei lita jente i familien.

På skulebenken


I helga starta eg på vidareutdanning i Pedagogisk veiledning, 30 studiepoeng. Munnleg eksamen i desember. Det vert travelt i tillegg til full jobb, men veldig spennande med nye impulsar og forhåpentlegvis vil studiet koma til nytte både på jobb og privat.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...