lørdag 14. februar 2009

Vottar i riller




Det er mange som har strikka denne etterkvart såkalla ToneM votten, og no har eg også fått strikka eit par. Vottane er strikka i 4 delar og hekla saman. Morsomme og enkle. Dei er strikka i Perfect frå Sandnesgarn på pinne 3,5. Desse likte eg så godt at desse skal eg ha til meg sjølv.
Oppskrifta er ei handskriven oppskrift som kjem frå Garnstua i Steinkjer.

Opalsokkar


Har gjort ferdig desse to sokkepara som er strikka i Opal ca str 38.

mandag 9. februar 2009

Luer og halsar







For nokre veker sidan strikka eg to halsar og to luer til jentene mine. Den første lua vart altfor stor, så den har eg no strikka på nytt att i helga. Luene er strikka i Alfa på pinne 6 og 10. Halsane er strikka med ein tråd Alfa Glitter og 1 tråd Kitten Mohair på pinne 8 og 10.

lørdag 7. februar 2009

Februarsokkar







Er ferdig med februarsokkane (Kerttu) i sokkealongen på HB. Dei er strikka i Perfect garn frå Sandnes på pinne nr 3,5. Mønsteret er opprinneleg finsk, men finst også på engelsk her. Mønsteret var lett og raskt å strikka, og sokkane er laga i str 38.



Kjøkkenklut


Her har eg strikka ein kjøkkenklut i eit mønster eg har fått frå Quilteline. Strikka i eit nøste dobbel Mandarin Petit på pinne nr 4.

onsdag 4. februar 2009

Award


Eg har fått ein award frå bitt@mi . Tusen, tusen takk. Kjempekoseleg.

Her er teksten som fulgte med, og som skal gis videre av andre igjen: Denne bloggen investerer i og tror på NÆRHET - nærhet i rom,tid og forhold. Disse bloggerne er usedvanlige, sjarmerende og søte,og formålet er å finne og å være venner. De er ikke opptatt av utmerkelser og selvhevdelse. Vårt håp er at når båndene på disse utmerkelser er kuttet, vil enda flere vennskap ha forplantet seg. Vær vennlig å gi litt ekstra oppmerksomhet til disse! Gi denne utmerkelsen til seks bloggere,som igjen må velge seg seks nye. Inkluder denne teksten på utmerkelsen deres.
Jeg vil gi den videre til torunnk, bente, liv-irene

tirsdag 3. februar 2009

Tysneskråker


Desse gryteklutane etter AnnAKa sitt mønster Malangskråker sydde eg i haust, men eg har ikkje blogga dei før no. No har eg funne dei fram att for å ta dei med meg på hytta vår på Tysnes, dit vi skal til helga. Vi har hytte på garden der besteforeldra mine budde. Dei som kjem frå Tysnes vert ofte kalla "Tysneskråker". Difor laga eg desse gruteklutane for å ha på hytta og eg kallar dei for tysneskråker i stadenfor malangskråker.

Nye bøker


Desse to bøkene har eg kosa meg med i helga. Har alle Tildabøkene etter kvart, og det er berre så utruleg mykje flott i dei som eg har lyst å laga. Men så er det den tida då ....

Unni sine sjarmtroll skal eg nok få starta på ein gong i vår håper eg.

Babyluer til Sierra Leone


I dag har eg sendt avgarde 5 babyluer (stikka ei til etter at eg tok biletet) som skal til Sierra Leone. Der jobbar DENNE norske legen og han har i bloggen sin bede om fleire luer. Han fortel om at borna som vert fødde i dette varme klimaet, kan dø av varmetap! Vi er mange inne på Hobbyboden som har strikka luer og sendt til kona til legen. Ho reiser nedover 10. februar og eg veit ho har mange luer med seg i bagasjen.


søndag 1. februar 2009

Dåpskjole til Babyborn







Har strikka dåpskjole, lue og sokkar til Babyborn. Mønsteret er frå Målfrid Gausel si bok
"Vi strikker dukkeklær". Settet er strikka i Mandarin Petit på pinne 2,5.

Februarklut


Har strikka februarkluten i kopptuealongen. Mønsteret heiter King Charles Brocade og kluten er strikka i Muskat på pinne nr 4.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...