søndag 28. september 2014

Nancykofte

Hausten er her, og det er godt å ha ei ny kofte eller strikketrøye ferdig til å ta i bruk.  


Trøya er strikka i Sandnes mini alpakka, og vert kalla Nancykofta.
Nancyfeberen har herja rundt i landet ei tid, og eg har sett mange trøyer i utruleg fine fargekombinasjonar.  Eg har vald ein av kombinasjonane i oppskrifta.


Knappestolpane på Nancykofta er vertikale.  Eg føretrekkjer nok eigentleg knappestolpar som som vert strikka nedanfrå og så syast fast, men eg har halde meg til originaloppskrifta.  Derfor tok eg opp masker på innsida og strikka eit belegg i glattstrikk som eg sydde fast for å dekkja sårkanten. 



  

søndag 31. august 2014

Setesdalsgensar

Etter laaang bloggtørke håpar eg å vera i gong att no.  Ein fantastisk sommar er (nesten) over, ein sommar der mykje av tida vart tilbrakt på hytta og handarbeid har vore bytta ut med maling både inne og ute.  



Denne Setesdalsgensaren vart ferdig før ferien med tanke på å ha ein lett og god ullgensar i sekken på vandring i fjellet.  Med temperaturar opp mot 30 grader kom ikkje eingong gensaren ut av klesskapet. 


Minnast den rake motsetning for 2 år sidan då me også hadde tenkt oss på tur på Hardangervidda på same staden, men med tåke og temperatur på 2 grader snudde vi og reiste heimatt.   Så stor kan skildnaden vera.









Hadde bestemt meg for at eg ville ha ein gensar i eit tradisjonelt mønster i Finull.  Fann eit mønster i boka "Norsk strikk", men plundra ein del med å få garnet og mønsteret tilpassa til kvarandre, litt opprekking måtte til både på bol og ermane.  Resultatet vart tilslutt akkurat slik eg ville ha gensaren!  


søndag 30. mars 2014

Tine Solheim jakke




Denne jakken har eg strikka til yngstejenta mi.  Mønsteret er ein Tine Solheim modell og er strikka i Dale Monjita effektgarn i 91% alpakka.
Ikkje mitt yndlingsgarn å strikka i, hadde tenkt å laga ein jakke til meg sjølv også, og garnet var innkjøpt, men bytta det inn i garn til mine to pågåande strikkeprosjekt.

mandag 24. februar 2014

Revesokkar


I romjula strikka eg desse revesokkane med garn og oppskrift frå Hillesvåg Ullvarefabrikk.  I mellomtida har sokkane vore på "tur", men no fekk eg endeleg tatt bilde av dei.


Eg er så heldig at eg bur i nærleiken av Hillesvågen, og må ta meg ein tur dit rett som det er.
Dei har masse nydeleg garn og ull og ein liten, triveleg butikk i dei gamle fabrikklokala. 


Oppi berget bak fabrikken har dei laga denne utsmykninga, eit kjempestort strikkearbeid.  Stilig er det.

søndag 16. februar 2014

OL-lue



Då vart OL-lua til eldstejenta ferdig i ein fei.  Enkel og grei å hekle.  Lenge sidan eg hadde hekla no, så det var jammen meg kjekt.  Hekla med dobbelt garn Dale babyull på heklenål nr 4.  Har ikkje sett noko merke på, og no er både datter og lue ute av huset og reist attende til Bergen.  

søndag 2. februar 2014

"Strikk for livet"



Etter ei lang bloggtørke kjem det omsider eit nytt innlegg på bloggen min.  Bloggtørke, men ikkje handarbeidstørke, har berre ikkje fått lagt ut dei tinga eg har laga.

  Innimellom andre handarbeid har eg dei siste åra laga lappeteppe av restegarn i ull til eit sjukehus langt oppe i fjella i Nepal, der eit par frå Bergen arbeider. 

 Ei dame frå Bergen samlar inn teppa og vidareformidlar dei. 

  Eg har også sendt tepper og luer til sjukehus her i landet til prematur fødde.

No har eg gjort ferdig 2 tepper og ein "kuvøsegensar"/lue til "Strikk for livet"/Tanzania.



Premature og nyfødte i Tanzania trenger varme klær da de ikke klarer å regulere kroppstemperaturen så godt selv. Bli med og strikk ullklær til de små :)
Strikk for livet er en veldedig non-profit organisasjon som samler inn strikkede ullplagg til premature, nyfødte og syke barn ved sykehus i Tanzania, med den hensikt å forebygge sykdom og død. Du kan finne strikkeoppskrifter og mer informasjon om Strikk for livet på hjemmesiden.

50 gr babyull rekk til ein prematurgensar og lue, til teppa gjekk det med 200 gram.
  Har lagt opp 3 m og auka 1 m i begynnelsen av kvar pinne til halvvegs og deretter felt tilsvarande på siste halvdel.  I tillegg har eg strikka ein holkant på sidene.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...