lørdag 14. januar 2012

Raggsokkar


Eg har hatt liggjande ein del raggsokkegarn frå Hifa, og no har eg fått brukt opp alt grått.  Har strikka 4 par sokkar i ca str 43.  Har lagt opp 56 m og brukt p nr 3.

søndag 8. januar 2012

Pulsvarmarar




For nokre år sidan hadde eg 2 angorakaninar og no har eg strikka 2 sett kvite pulsvarmarar av litt av garnet.  Begge para har forsvunne ut av huset som gåver.  Garn frå angorakanin isolerer ti gongar meir enn vanleg saueull vert det sagt.  Det tredje paret har eg strikka i BabySilk alpakkagarn frå Du store Alpakka.  Nydeleg garn det også.  Mønsteret har eg funne i Norsk Ukeblad på nettet via ein link dei hadde lagt ut der   pga feil i det utgjevne bladet.  Angoragarnet eg har brukt her er maskinspunne, synes det eigna seg best til desse pulsvarmarane for å få mønsteret best mogeleg fram, i høve til det handspunne garn mitt som eg eigentleg likar best.  Alt til sitt bruk.

lørdag 7. januar 2012

Mobilvott


I Steinkjerringa sin blogg har eg sett mønsteret på denne flotte mobilvotten med Selbumønster.  Eg har hatt denne i tankane heilt sidan eg kjøpte meg ny mobil i sommar og no har eg kosa meg med å strikka meg ein.
No skal ikkje mobilen min frysa!  Skjønt frysa; her like nord for Bergen har det regna, - og regna, - og regna i eit minst eit halvt år!  Men så får eg heller seia det slik at eg ikkje skal få regndråpar i mobilen min då iallefall.

Kjøkkenklutar


Kjøkkenklutar er eit greit arbeid å ty til.  Eg rekk for eksempel å strikka ein klut som passasjer i bil på veg til eller frå hytta.  I løpet av hausten har eg strikka ferdig 7 kjøkkenklutar.  Nokre av dei har eg gjeve vekk som ei  lita oppmerksomheit både til jul og ved andre høve, gjerne saman med ein oppvaskkost.    Ungdomane i huset har fått klutar med seg til leiligheita i Bergen og som mange andre synes dei desse heimestrikka kjøkkenklutane er dei beste!  Då er det ekstra kjekt både å strikka og gje dei vekk. Mine klutar vert for det meste strikka i Tuva, og dei held seg utruleg godt ved vask også på høg temperatur.  Legg opp
60 m, strikkar 1 omg rett, neste omg 1 r 1 vr og gjentek desse omgongane til eg har brukt opp nøstet.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...