tirsdag 29. juli 2008

La Rose er ferdig



Har fått gjort ferdig La Rose etter AnnAKa sitt mønster i Quiltemagasinet. Kjøpte inn maling og pensel og prøvde meg på paintstick for første gong. Det var enkelt å få det til, for som vanleg har AnnAKa gode og detaljerte arbeidsbeskrivelsar. Er ikkje så veldig glad i frihandsquilting, men heldigvis skulle det berre quiltast med "linjer" på denne løparen.

Summer Dreams sokkar


Har strikka ferdig eit par sokkar i Bamboozle garn. Herleg garn å strikka med i varmen som vi har no om dagane. Sokkane er strikka i ca str 35/36, hadde tenkt at dette skulle verta eit par sokkar til meg sjølv, men garnet rakk ikkje til min størrelse, sjølv om mønsteret sa at det skulle vera nok med to nøster. Dermed vart det nye sokkar til yngstejenta i huset istadenfor.

torsdag 17. juli 2008

"La Rose"





Har starta å sy denne løparen som det stod mønster på i Quiltemagasinet nr 2/08. Gjett kven som har laga mønster? AnnAKa sjølvsagt. Har sydd mange ting som ho har designa - og fleire vert det om du følgjer med i bloggen min framover. I denne løparen skal det brukast paintstiks - oljestiftar. Det har eg aldri før brukt, men teknikken er enkel. Først vaska, tørka og strauk eg stoffet eg skulle bruka paintstiks på. Så teikna eg teksten over på frysepapir (dette måtte eg kjøpa på ein matvarebutikk/kjøttdisken), og klipte ut bokstavane med ei lita, tynn saks. Så strauk eg frysepapiret fast oppå stoffbiten. Deretter fjerna eg den ytre hinna på krittet med ein liten kniv og gnei krittet mot eit tørkepapir slik at lause partiklar vart fjerna. På eit papir laga eg ein flekk med maling og gnei ein pensel inn i malinga. Tilslutt mala eg over bokstavane i sjoblongen og reiv papiret forsiktig av. No skal malinga tørka i 3-5 dagar før eg kan skylla og tørka stoffet og sy vidare på arbeidet.

På pinnane

Har starta på eit par sokkar i eit garn eg har hatt liggjande ei stund.

Hekla tunika

Har hekla denne tunikaen til meg sjølv. Modellen sjølv syntes tunikaen var litt for stor til ho, men var likevel villig til å la meg få ta bilete. Masse luftmasker og det beste av alt; nesten ingen montering, berre nokre trådendar å festa. No er det berre å venta på fint sommarver att,
slik at eg får tatt tunikaen i bruk.

Kvalpekull nr 2

3 døgn etter at den eine tispa vår fekk kvalpar, fekk den andre tispa vår eit kull på 4 kvalpar.
I dette kullet er det 1 tispe og 3 guttar, den eine av guttekvalpane er kremfarga. Denne fargen er ikkje godkjent etter norske reglar, men er godkjent i bl.a. Japan, der hunderasen opprinneleg kjem frå. Den vesle lyse kvalpen er heilt nydeleg, og det er mange som gjerne vil ha ein kremfarga Shiba, så det vert ikkje vanskeleg å finna ein god heim til denne kvalpen også.
No har vi totalt 7 kvalpar, så det skal verta liv og røre i huset framover. Den vesle kvalpen frå forrige kull er alt no ein rund og god liten krabat, så det gjekk heldigvis bra med han.

mandag 14. juli 2008

Kvalpekull




Det har vore stille her på bloggen min ei god stund no. Har hatt ein travel forsommar utan den heilt store tida til handarbeid. Har fått ferdig nokre Ufoar, men dei får eg visa ein annan dag.

I går fekk den eine tispa vår 3 kvalpar, ei tispe og to guttar. Dette er andre kullet hennar.

Den eine guttekvalpen var litt liten og pjuskete, så vi har passa ekstra godt på at han finn fram til "matfatet". Hyppige veiingar viser at han tar til seg næring og legg på seg, så det ser ut til at dette skal gå bra.

Hunden heiter Akane (eit japansk namn som betyr fargen på soloppgangen/solnedgangen) og
rasen heiter Shiba.

søndag 25. mai 2008

Byveska



Har sydd ferdig Byveska. Igjen har eg brukt eit mønster frå AnnAKa. Vart veldig godt fornøgd med resultatet. Har ein god del igjen av stoffa eg har brukt, så kanskje lagar eg ei veske til i gåve til ei som fyller år i sommar. Veska var lett og rask å sy, AnnAKa har alltid grundige og nøyaktige beskrivelser i mønstera sine. Inni er veska fòra med glidelåslomme, ei stor lomme, mobiltelefonlomme og 2 lommer til pennar.

lørdag 10. mai 2008

Babyborn klær




Har laga eit strikkesett til Babyborn. Settet er strikka i Dale babyull.

søndag 27. april 2008

Butterfly


Er endeleg ferdig med ein ufo som eg starta på for omtrent eit år sidan. Mønsteret er AnnAKa sitt "Butterfly". Har brukt Angelina i metalliske fargar inni sommarfulglane. Dette var ein ny teknikk for meg. Angelina er eit syntetisk og tørt materiale som ved hjelp av varme(strykejern) kan lagast til "stoff" som kan brukast til dekor i lappeteknikk og tekstilar.

Babysokkar



Har strikka eit par babysokkar. Synes dei vart fine med den artige tåavslutninga.

onsdag 2. april 2008

Høgtidsenglar AnnAKa




Har gjort ferdig juleløparen sydd etter AnnAKa sitt mønster Høgtidsenglar. Løparen var eigentleg lettare å sy enn eg hadde trudd på førehand. All applikasjon har eg handsydd, synes det er eit koseleg arbeid å setja seg ned med.

Fleire kjøkkenklutar


I løpet av påskeferien forsvann alle kjøkkenklutane eg hadde strikka like før påske. Har eit par att på hytta, resten har eg gitt vekk i gåver. Derfor har eg strikka nye, for å ha på mitt eige kjøkken i heimen.

lørdag 15. mars 2008

Trekantsjal


Har strikka eit trekantsjal i to grønfargar i Drops Alpaca garn. Sjalet er strikka i 1 p rett og 1 p vrang. Starta med 3 masker og auka 1 m annankvar omgang til eg hadde ca 100 masker på pinnen, deretter felte eg 1 m annankvar omgang til eg hadde 3 masker att. Litt før spissen begynte eg å strikka stripene - to omganger med kvar farge.

Kjøkkenklutar







Har vore heilt hekta på å strikka kjøkkenklutar ei stund, så då vart det produsert ein ny kjøkkneklut kvar dag. Har strikka dei i Tuva på denne måten: Legg opp 60 m, strikk 1 omg rett og 1 omg med 1 r, 1vr. Eg strikka til garnet tok slutt. Denne tjukkelsen på kjøkkenklutar er den eg likar best, likar dei ikkje når dei vert for tjukke.

Høgtidsenglar



Har fått klipt ut alle delane til englane, så no har eg kome så langt at eg kan ta til å applikera. Eg er veldig glad i å applikera for hand, så dette skal eg ha med på hytta og kosa meg med der. Fargane er heilt annleis på biletet enn det dei eigentleg er.

Hjertelige lapper


Har kjøpt meg ei ny bok om lappeteknikk av Lise Bergene. Masse fine mønster på ting som ikkje ser altfor vanskelege ut å laga, så kanskje eg kan få yngstejenta mi med på litt sying i løpet av påskehelga.

søndag 2. mars 2008

Høgtidsenglar








Har kjøpt mønster og stoff til AnnAKa sine Høgtidsenglar. Dei to siste åra har eg prøvd å få tid til å sy denne løparen før jul, men eg har ikkje klart det. No har eg funne ut at eg får begynna i andre enden; altså begynna etter jul og ikkje like før, slik at det kan vera eit håp om at eg kan leggja denne nydeleg løparen på bordet til jula 08. Har klipt ut alle stripene og sydde desse saman. Neste steg vert å klippa underlag og vatt, og quilta desse laga saman med stoffstripene. Så skal eg klippa ut alle applikasjonsbitane og få desse sydd på.
















Veska er ferdig







Denne helga har eg fått gjort ferdig veska mi. Har gjort ferdig lukkekanten og sydd på hanker.
Manglar trykknapp slik at eg får lukka den igjen, men det hadde eg ikkje i hus, så det får venta til eg skal til byen i morgon.
Veska har to store lommer innvendig, ei mobiltelefonlomme og ei lomme med glideslås.



"Myk start"




Denne veka har eg vore på strikkekafè i Knarvik. Strikkekafeen vart arrangert av Hillesvåg Ullvarefabrikk (Hifa) i samarbeid med forfattaren av boka "Myk start": May B. Langhelle.
Kjempefin bok med mange fine oppskrifter 0-1 år. May viste fram mange modellar strikka i herlege garnkvalitetar - angora, alpakka, kasjmir, mohair, silke, ull og bomull. Har starta med eit babyteppe som eg skal strikka av angoraulla mi. Trur det kjem til å verta luftig og lett - og veldig mjukt. Ull frå angorakaninar isolerer opptil 10 gongar meir enn saueulla.


søndag 24. februar 2008

Angorakaningarn


Bente har vore så snill og spunne opp ein del av ulla eg har fått frå angorakaninane min. Eg har ikkje lært meg å spinna endå, sjølv om utstyret har vore på plass lenge. Men ein gong når eg får tid .... På torsdag skal eg på strikkekafè i Knarvik, og då skal eg kjøpa meg strikkeboka"Myk start" av May Bente Langhelle. Forfattaren skal sjølv vera tilstades og signera boka. Eg har bladd gjennom boka, og veit at det finst mange fine oppskrifter som eg kan bruka til angoragarnet mitt.

Lommetøflar





Av restegarn frå fjellsettet eg strikka, har eg laga 2 par lommetøflar. Desse tøflane er veldig kjekke og strikka, så det er nesten slik at eg ikkje kan leggja arbeidet frå meg før eg er ferdig med eit par.

Veskeframdrift


Har sydd på denne veska i helga. No har eg berre att lukkekanten og hankane. Har tenkt å gjera veska ferdig på kurset på tirsdag.

torsdag 21. februar 2008

Veske med lokk




Sist veke begynte eg på "klubbkurs" i http://www.quiltekroken.no/ Vi er 10 damer som syr saman annankvar tirsdag. Her får me gjort ferdig ufoar og får inspirasjon av kvarandre til å ta til på nye ting. Første kvelden starta eg på ei veske med lokk etter ei oppskrift av Bente Malm.


Har klipt ut alle delane til både sjølve veska og stoffet eg skal ha til for inni veska, og kome godt i gang med quiltinga.


Veggoppheng AnnAKa mønster




Dei siste dagane har eg sydd vidare på ein Ufo eg begynte på for eit år sidan. No gjenstår berre
litt meir quilting og lukkekantar, men det får vera til eg får godt dagslys att.

Sokkar med mønster




Har endeleg fått ferdig sokkane. Først var det ein del feil i mønsteret og så fekk eg for lite garn av den eine mønsterfargen, men no er heile settet klart til å takast i bruk.


Eg har funne mønsteret i boka "Varmekilder".




søndag 10. februar 2008

Lue, vottar og sokkar

















Har strikka ferdig vottar og lue til mannen i huset. Han treng varmt ulltøy når han dreg til fjells. Lua er strikka med hals til å brette ned ... og vil han ikkje brette den ned, kan han brette den opp! Det høyrer også med sokkar til det same settet, er nesten ferdig med den eine og kome halvvegs på sokk nr 2. Mykje arbeid, og litt kronglete fordi det var ein del feil i oppskrifta i tillegg til at eg måtte strikka sokkane i mindre storleik enn oppskrifta. Sjølv om eg brukar tynnare pinnar, vart sokkane for lange og eg må tilpassa oppskrifta før tåfellinga.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...