søndag 29. april 2012

Tova vottar og restegarnsokkar




Prøver å få brukt meir av restegarnet mitt, og etter ide frå Steinkjerringa har eg strikka 5 par vottar i Pt2.
Vottane er strikka i to trådar - i to ulike fargenyansar.  Synes det blir ganske fint.  Det går med nesten eit nøste av kvar farge til eit par vottar.  Vottane er strikka med p 6 og deretter tova i vaskemaskin med grønsåpe på 30 grader.  Mønster kan du finna her.  Har endå restegarn att til minst 5 par til, om det vert fleire vottar eller andre produkt av garnet gjenstår å sjå.  Det vert iallefall ikkje strikka fleire vottar på denne sida av sommaren.  
Har også fått nytta nokre smårestar av Robust sokkegarn og strikka eit par barnesokkar i str 2-4 år.

  

søndag 22. april 2012

BABYTEPPE





Dette babyteppet har vore nesten ferdig ei god stund, men quiltinga mangla.  Eg hadde lyst at quiltinga skulle verta så fin som mogeleg sidan dette er eit teppe som kan brukast som vognteppe eller veggteppe.
Då eg sende Eventyrteppet og Roseteppet (kjem snart i bloggen min) til quilting hjå Merete, fekk eg dette vesle teppet quilta samstundes.  Eg har stitcha midtpartiet og rundt kanten.  Krusedullane her skal forestilla spolar.

tirsdag 17. april 2012

GODE FORMÅL




I fjor på denne tid strikka eg 2 lappeteppe til sjukehuset i Okhaldhunga i Nepal.  Sjukehuset ligg langt oppi fjella og vintrane er kalde.  Jorunn i Bergen samlar inn teppe og sender til Kristin og Erik Bøhler, som jobbar på sjukehuset.  Babyar som vert fødde på sjukehuset, får eit teppe med seg når dei reiser heim.  No har eg strikka ferdig eit teppe til og denne gongen har eg brukt opp Sisu restegarnet mitt.  Måtte supplere med nyinnkjøp av eit par nøster for å få nok.  Dette er ein vinn - vinn situasjon;  eg får brukt restegarnet mitt til noko fornuftig, og ein liten baby kan halda seg varm og god.  Rutene er strikka i rillestrikk og er ca 15x15 cm.  Utanpå teppet har eg hekla ein omgang med fastmasker og deretter ein liten pyntekant.
Har du lyst å lesa meir om dette prosjektet, kan du lese om det her.  Teppet mitt må no liggja på vent til hausten før eg kan senda det, for no skal Kristin og Erik pakke saman før sommaren og dei dreg ikkje attende før i slutten av august.


50-øringen er snart historie.  I forbindelse med dette har Kreftforeninga oppfordra til å samla inn 50-øringar og støtta det viktige arbeidet dei gjer.  Vi har hatt ein liten innsamlingsaksjon i heimen, og med stort bidrag frå yngstejenta sin sparekasse har vi funne fram 264 myntar som no er gjort klar og er på veg til banken i morgon.  Oppfordrar alle som les dette om å gå på innsamlingstokt i heimen -  kvar einaste 50-øring tel.

søndag 8. april 2012

Påskehelg og småstrikk

Størstedelen av påskehelga vart tilbrakt på hytta.  Dei fleste dagar med strålande ver.  Litt for kaldt til å sitja lenge på terrassen og nyta den flotte utsikta me har.


Bak hytta vår er det lauvskog, og bjørkene har vakse seg kjempehøge.  Med fare for at dei kunne falle over både straumledningen og hytta, gjekk vi i gang med å fella 7 kjempehøge trær 15 meter høge.  Ein risikosport som fekk hjarta til å banka fortare enn normalt når mannen saga og eg og jentene skulle prøva å sikra trea ved å dra i tau som mannen hadde festa rundt trea - men det gjekk bra, trea fall der dei skulle.



Ein dag gjekk vi ein flott tur opp på Tysnessåta, 752 m.o.h.  Ei fantastisk utsikt over store delar av Sunnhordland!

Litt strikking vart det også innimellom.  Ein kjøkkenklut strikka i bilen og 2 par sokkar strikka av restegarn i Opal.  Eine paret hadde eg akkurat nok garn til, det andre paret er restar frå 2 ulike nøster.
Sokkane er strikka på p 2,5 og eg la opp 60 masker.  Kjøkkenkluten er strikka i Tuva garn - 60 m og p 4.



Har også fått ferdig pynten på eit smykkesjal.  Her har eg lagt opp 3 m og auka 2 m kvar 2. pinne til 15 m.  Så strikka eg ca 1,5 meter og felte av til eg hadde 3 m att.  Pynten er laga av ei tova ullkule, ei svart trekule og ein "sølvring".

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...