søndag 21. november 2010

Løper på en kveld



Advent nærmar seg med raske steg, og eg har akkurat fått gjort ferdig "Løper på en kveld".
Enkel å sy og resultatet vart eg godt fornøgd med. Løparen er pynta med flotte band.
Mønsteret til denne løparen designa av AnnAKa, fann eg i Quiltemagasinet nr 9/2009.

søndag 7. november 2010

Prematurstrikk



Då er 3 tepper og 4 prematurluer klare til å sendast til Vibbedille. Ho har denne hausten sett i gong innsamling av luer, sokkar og tepper til Stavanger universitetssjukehus. Luene er bittesmå, måler kun 8x10 cm, men siden dei er strikka i ribbestrikk, er dei elastiske og kan utvidast i forhold til storleiken på dei vesle hovuda. Det er lagt opp 72 masker til desse luene.
Teppa er strikka på skrå i rillestrikk etter eit mønster i Nøstebarnboka. Starta med 3 m i eit hjørne og auka ut 1 m på kvar pinne. Har strikka holrad som pynt på kantane.
Både luer og tepper er strikka i babyull. Greie arbeid å ha i bilen eller til TV-sjåing.

lørdag 6. november 2010

Pute med stitchery

Hadde sydd eit stitchery som eg ikkje visste heilt kva eg skulle bruka til. Hadde ikkje lyst å laga eit bilete av det, slik det var gjort på mønsteret. Tilslutt vart det til ei pute, og eg vart veldig godt fornøgd med resultatet. Dette får bli mi personlege pute, trur eg.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...