søndag 26. juli 2009

"Byhanen"


Har endeleg fått gjort ferdig desse 4 kuvertbrikkene sydd etter eit AnnAKa mønster i Quiltemagasinet 1-08. Vart veldig fornøgd med både design og fargar, dei passar godt inn på kjøkkenet mitt.

fredag 24. juli 2009

Julisokkar


I sokkealongen på HB for juli har eg strikka desse tubesokkane for baby frå Drops. Har strikka str 6-9 mnd i Sisu på p nr 2,5. Kobling

Feriestrikking




På tur i bil nordover frå Bergensområdet til Nordland og tilbake, vart det god tid til å strikka. Resultatet vart seks kjøkkenklutar og 5 par lommetøflar. Begge delar er fine å ha som smågåver.

Sommarferie til Lofoten

I sommarferien i år reiste vi med bobil frå Nordhordland nordover til Lofoten. Vi var same ruta for 2 år sidan også, men vi måtte berre ein tur til i år. Mykje fint å sjå, både når det gjeld natur og anna. Mange spennande små butikkar og kunstgalleri. Synes desse fiskehjellene i Henningsvær er nesten som eit kunstverk i seg sjølv, mot dei høge fjella, og himmelen.



Vi var også på Værøy og vitja eine kvalpen vi fekk i fjor sommar. På veg heimatt tok vi ferje frå Værøy via Røst til Bodø. Der måtte eg sjølvsagt vitja Lappedilla. Og freistinga vart stor. Kjøpte kit til AnnAKa si oppskrift Margerittar og Mathildes sommerveske. Ikkje nok med det. Sette meg opp på abbonnement på AnnAKa sitt fantastiske Eventyrteppe. Er alt i gang med alle 3 prosjekta.





På Værøy var vi så heldige at vi fekk stå med bobilane på den nedlagte flystripa på Nordland.
I det gamle flytårnet hadde noverande eigar starta med sjokoladefabrikk og innreda eit fantastisk flott lite utsalg. Gjett om vi snopa!





Vi var også innom Saltstraumen og mens ein del av følgjet fiska, gjekk andre på Husflidlaget sitt utsal like ved. Her var det utruleg mykje fint. Kjøpte to strikkepinneetui og eit lite etui til synåler.



Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...