mandag 28. februar 2011

Vinterferie og UFOar

Her i vest har vinterferien starta denne veka. Eg har nytta helga til å dykka ned i UFOane mine og jammen hadde eg ein del av dei ja. Har kalla alt Ufoar eg, sjølv om nokre av dei er kit som ikkje er påbegynte eingong. I håp om at eg skal få dei ferdige før sommarferien, legg eg dei ut i bloggen min no. For nokre år sidan melde eg meg på eit AnnAKa abbonement hjå Lappedilla i Bodø, og fekk tilsendt materialpakkar til dei fleste nye mønster AnnAKa kom ut med. Og pakkane kom jamnt og trutt, men framdrifta gjekk ikkje i same tempo hjå meg! No er det strålande ver ute, så det spørs om eg heller må koma meg ut og nyta veret enn å sitja inn med handarbeida mine.

Ufo 1 "Eventyrteppet"
All stitchery og applikasjon er ferdig (alt handsydd). Gjenstår å "ramma" inn stitcherya og sy saman blokkene. Har gjort avtale med ei som skal quilte teppet for meg. Målet er å gjera ferdig til sending i løpet av morgondagen.


Ufo 2 "Julegåver"
Gjenstår å sy rundt applikasjonane.



Ufo 3 "Margeritter"
På denne løparen gjenstår quilting og lukkekant.


Ufo 4 "Papirengler"
Denne kit'en har eg ikkje starta på endå, men har kjøpt inn litt ekstra matr eg hadde trong for.


Ufo 5 "Kjøkkensett" med julemotiv
Dette er heller ikkje starta på. Har vaska alle stoffa.


Ufo 6 "Til Makeup".
Kit som ikkje er påbegynt.


Ufo 7 "Olivers høst"
Denne var eg godt i gong med, men då eg hadde quilta tversgåande saumar oppdaga eg at desse vart skeivare og skeivare. Har spretta oppatt alle og må sy dei på ein annan måte. Alle applikasjonane er ferdige til å setjast på.


Ufo 8 "Et roseteppe"
Dette er også ein kit som ikkje er påbegynt. Er nok ein del arbeid på denne, ja.


Ufo 9 "Brystduk og belte til Nordhordlandsbunad"
Brystduken manglar sting med mørkgrøn, beltet skal ha perler i dei kvite partia.


Ufo 10 Isoldenissar x 3
Har laga alle klær til 3 store Isoldenissar; strikka trøyer, sokkar og luer, sydd bukser, vestar og skjorter. Kroppane er kun oppteikna på stoff. Desse skal eg selja når så langt kjem.

søndag 27. februar 2011

Tine Solheim lue og vottar





Er veldig glad i Tine Solheim sine kreasjonar og har no strikka Sonja lua og vottar. Mønsteret er med perler, men eg synes nesten det vart for "fint" til mitt daglege bruk. Dessutan vil eg tru at eg sparte meg for ein del arbeid også, utan at det var hovudgrunnen til at eg kutta dei ut. Synes eigentleg det er veldig fint med perler i dette mønsteret. Var innom ein bokhandel i går og såg i den nye boka til Tine Solheim, og der såg eg mønsteret var kome med. Kjøpte mønster hjå Husfliden i Bergen for ei tid sidan. Boka er sett på ynskjeliste.
Det gjekk raskt å strikka dette settet. Lua vart litt vid nede men no har eg kjøpt eit strikk til å ha inni. Om dette ikkje fungerer, får eg sy kanten litt strammare.

søndag 13. februar 2011

Sokkar


Dei grøne sokkane er strikka i str 38 i Ida sokkegarn og dei grå sokkane er strikka i Hifa raggsokkgarn i str 38 på p 3.


Isskrapevott


Denne isskrapevotten laga eg i jula, men den kom i bilen før eg fekk blogga den og har vore i bruk sidan. No har eg omsider fått tatt bilete. Har strikka i Fritidsgarn og litt effektgarn som eg ikkje hugsar kva heiter - kanskje det var Chili? Har tova tilslutt. Dette er den første isskrapevotten eg har laga, men det vert sikkert ikkje den siste.

søndag 6. februar 2011

Selbuvottar




Mange år sidan sist eg strikka selbuvottar, men kjekt er det. Dei forrige selbuvottane mine var utslitne og det var på tida å få seg eit nytt par. Desse vottane er strikka i Rauma 2-tråds Gammelserie på p 2,5. Mønster er frå heftet Selbustrikk - votter, vanter, sokker .... LVS 5.

Gryteklutar


Har hekla eit par gryteklutar i Mandarin Classic med heklenål nr 3. Det gjekk med akkurat 1 nøste til kvar gryteklut. Har hekla desse tidlegare også, dei er tjukke og gode i bruk. Mønsteret har eg funne i Sandnes sitt julehefte nr 0214.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...