Inger sin hobbykrok
søndag 19. februar 2012
Selbuvottar
Har strikka eit par dame selbuvottar frå eit hefte "Vottenboken" frå Thuve-Stuva. Mønsteret heiter Finnmark og er strikka i Heilo garn på pinne nr 2,5. Trur eg skal ha desse sjølv, dei gamle selbuvottane mine har sett sine beste dagar. Det var kjekt å strikka selbuvottar, så eg har alt nesten strikka ferdig eit par herrevottar også frå same heftet.
Etiketter:
Strikking
laurdag 18. februar 2012
Vinvesker
Har endeleg fått pynt på desse vinveskene. Eg kjem gjerne til å vera på jakt etter andre knappar eller perler og byta ut knappane på nokre av vinveskene. Får surfa litt på nettet og sjå kva eg finn. Vinveskene er strikka i Mor Aase ullgarn og tova etterpå. Mønsteret har eg funne her.
Etiketter:
Strikking
søndag 12. februar 2012
Tine Solheim flettejakke
Mønsteret til denne jakken stod i eit julenummer av Familien for eit par år sidan. Hadde garnet liggjande ei god stund før eg begynte å strikka på jakken. Eg fekk for lite garn til kragen og kjøpte inn eit garn til. Også det var for lite, og endå eit nøste måtte til. Fekk sjølvsagt ikkje same partinr så lenge etter førsteinnkjøpet, men heldigvis kan ein ikkje sjå dette. Veit ikkje kor mykje eg kjem til å bruka denne jakken, vart eigentleg ganske stor og litt tung. Må iallefall sjå om eg kan få tak i eit raudt strikkbelte som eg kan bruka til. Jakken er strikka i Alfa frå Sandnesgarn på pinne nr 10. Ein strørrelse på mønsteret; str 38-42, og eg burde nok ha strikka med mindre størrelse på pinnane.
Etiketter:
Strikking
laurdag 14. januar 2012
Raggsokkar
Eg har hatt liggjande ein del raggsokkegarn frå Hifa, og no har eg fått brukt opp alt grått. Har strikka 4 par sokkar i ca str 43. Har lagt opp 56 m og brukt p nr 3.
Etiketter:
Strikking
søndag 8. januar 2012
Pulsvarmarar
For nokre år sidan hadde eg 2 angorakaninar og no har eg strikka 2 sett kvite pulsvarmarar av litt av garnet. Begge para har forsvunne ut av huset som gåver. Garn frå angorakanin isolerer ti gongar meir enn vanleg saueull vert det sagt. Det tredje paret har eg strikka i BabySilk alpakkagarn frå Du store Alpakka. Nydeleg garn det også. Mønsteret har eg funne i Norsk Ukeblad på nettet via ein link dei hadde lagt ut der pga feil i det utgjevne bladet. Angoragarnet eg har brukt her er maskinspunne, synes det eigna seg best til desse pulsvarmarane for å få mønsteret best mogeleg fram, i høve til det handspunne garn mitt som eg eigentleg likar best. Alt til sitt bruk.
Etiketter:
Strikking
laurdag 7. januar 2012
Mobilvott
I Steinkjerringa sin blogg har eg sett mønsteret på denne flotte mobilvotten med Selbumønster. Eg har hatt denne i tankane heilt sidan eg kjøpte meg ny mobil i sommar og no har eg kosa meg med å strikka meg ein.
No skal ikkje mobilen min frysa! Skjønt frysa; her like nord for Bergen har det regna, - og regna, - og regna i eit minst eit halvt år! Men så får eg heller seia det slik at eg ikkje skal få regndråpar i mobilen min då iallefall.
Etiketter:
Strikking
Kjøkkenklutar
Kjøkkenklutar er eit greit arbeid å ty til. Eg rekk for eksempel å strikka ein klut som passasjer i bil på veg til eller frå hytta. I løpet av hausten har eg strikka ferdig 7 kjøkkenklutar. Nokre av dei har eg gjeve vekk som ei lita oppmerksomheit både til jul og ved andre høve, gjerne saman med ein oppvaskkost. Ungdomane i huset har fått klutar med seg til leiligheita i Bergen og som mange andre synes dei desse heimestrikka kjøkkenklutane er dei beste! Då er det ekstra kjekt både å strikka og gje dei vekk. Mine klutar vert for det meste strikka i Tuva, og dei held seg utruleg godt ved vask også på høg temperatur. Legg opp
60 m, strikkar 1 omg rett, neste omg 1 r 1 vr og gjentek desse omgongane til eg har brukt opp nøstet.
Etiketter:
Strikking
laurdag 31. desember 2011
Flaskenissar
Desse flaskenissane har stått ferdige ei stund, men har mangla auge. Etter litt leiting viste det seg at eg hadde akkurat passeleg store auger i huset, og då gjenstod det berre å få sett dei på. Nissane er strikka i Fritidsgarn og deretter har dei fått eit par omgangar i vaskemaskina for toving. Oppskrifta finst i fleire ulike strikkehefter. Min størrelse passar til store brusflasker og kan også brukast til vinflasker, men då er dei litt i største laget. Julerødvinen på biletet var ei gåve til jul, og innhaldet er forlengst vekke. Nydeleg god vin!
Etiketter:
Strikking
Julekrybbe del 2
I romjula har eg fått gjort ferdig andre del av julekrybba av fellesprosjektet på Hobbyboden. To gjetarar og 2 sauer har vorte ferdigmontert. No manglar eg dei 3 vise menn og engel, men det får verta eit prosjekt for 2012.
Etiketter:
Strikking
fredag 30. desember 2011
"Papirengler"
Tidlegare i haust gjorde eg ferdig dette veggopphenget med "papirenglar". Effektane på englekjolane har eg fått fram ved å laga krympestoff, ein teknikk eg aldri hadde vore borti før. Storleiken på opphenget er ca 45x65 cm og heng i stova mi no i jula. Fargane passar godt inn i hjå meg, og eg synes det er mykje finare der det heng på veggen min enn det eg har klart å få fram på biletet. Mønsteret er AnnAKa sitt frå 2009.
Etiketter:
Quilting/lappeteknikk
tysdag 6. desember 2011
Julekrybbe del 1
Har endeleg fått gjort ferdig del 1 av julekrybbeprosjektet som pågår på Hobbyboden. Josef, Maria og Jesusbarnet er på plass. Del 2 består av gjetarar og sauer og tilslutt kjem dei 3 vise menn. Nesten ferdig med dei 2 gjetarane også, men må venta på mønster på sauene. Strikkar av restegarn i Sisu på p 2,5.
Etiketter:
Strikking
søndag 4. desember 2011
"Julegaver"
Sidan det nærmar seg jul, passar det å leggja ut dei julerelaterte produkta mine framover. I dag er det AnnAKa sine "Julegaver" som vert blogga. Som vanleg har eg handapplikert figurane; kosar meg med slikt arbeid.
Etiketter:
Quilting/lappeteknikk
måndag 29. august 2011
På bærtur
Denne løparen har eg hatt liggjande ferdig ei stund. Også dette mønsteret er AnnAKa sitt og ho har kalla det "På bærtur". Høver godt å ta denne blåbærduken i bruk no på seinsommaren med hausten like rundt hjørnet. No ventar eg spent på å få Eventyrteppet og Roseteppet i retur frå
Meretes quiltestue.
fredag 5. august 2011
Rose
22. juli var vi i Spania på ferie. 2 kanalar på TV og ingen internett. Den eine TV kanalen var Eurosport så vi fekk iallefall sett Tour de France og den flotte norske innsatsen av nordmennene!
Då vi kom heim att, var beda overgrodde med ugras, og blomar var avblomstra. I fjor flytta eg nokre rosetre som var heller skrøpeleg til eit av beda mine for å sjå om dei ville ta seg opp att denne sommaren. Det gjorde dei ikkje. Eg ser ut i eit av beda mine og kva ser eg oppi alt ugraset; ei einsleg, stor og nydeleg rose! Nesten symbolsk etter hendingane 22. juli. Av og til er eg og andre familiemedlemer så heldige at vi får ei rose i ei eller annan samanheng. Eg har i mange, mange år vore på jakt etter ein blomstervase til å ha desse i. I helga skal vi i bryllaup, og då eg var inne i ein TILBORDS butikk for å finna ei gåve til brudeparte, finn eg vasen eg har leita etter. Nederst er vasen forma som eit hjarte. Nesten symbolsk det også i desse dagar. Den einslege rosa vart sett i den nye vasen - og for ei lukt. Trur ikkje eg har kjent maken til god lukt på ei rose. Iallefall ikkje frå min hage.
torsdag 4. august 2011
Margerittar
Har begynt å få ferdig ein del av UFO-ane mine. Her er den første UFOen eg gjorde ferdig; Margerittløparen med AnnAKa sitt mønster. Kjøpte materialpakke hjå Lappedilla for 2 år sidan då eg var på ferie nordover. Vart veldig fornøgd med denne; både mønster og fargesamansetjinga.
Har også gjort ferdig Eventyrteppet og Roseteppet (desse er også AnnAKa mønster), og har gjort avtale med Merete som skal quilta begge teppa for meg. Må prøva å få sendt dei avgarde i morgon.
Etiketter:
Quilting/lappeteknikk
laurdag 28. mai 2011
Vinposar
Dei neste innlegga mine vil handla om lappeteknikk, no legg eg nemleg strikkepinnane vekk for ei stund for å gjera ferdig Ufo-ane mine som eg skreiv om i eit tidlegare innlegg. Eg er allereie godt i gong og dei ferdige resultata kjem litt etter litt her i bloggen min.
Etiketter:
Strikking
måndag 25. april 2011
Dress til Babyborn
Denne heile dressen med lue og strømpar til Babyborn har eigentleg vore ferdig ei stund, men har mangla knappar. No er knappane kjøpt inn og sydd på. Dressen er strikka i Sisu på p 2 1/2 og 3, og mønsteret har eg funne i eit hefte frå Sandnesgarn 0702 dukke.
Etiketter:
Strikking
Kjøkkenklutar
Har strikka 5 nye kjøkkenklutar innimellom andre gjeremål i påskehelga. Godt å ha eit lite lager å ta av når ulike anledningar byr seg til å gje ei lita gåve til ein eller annan anledning. Klutane er strikka i Tuva garn på p nr 4.
Etiketter:
Strikking
torsdag 21. april 2011
Gamle hus
På nabogarden på hytta står det nokre gamle hus til nedfalls, hus prega av tidas tann. Slik har dei stått så lenge eg kan minnast, heilt frå min eigen barndom og lenge før det. Dei som ein gong har budd her, bygde seg nytt hus like ved desse gamle bygningane, men dei gamle husa vart aldri rivne.
Etiketter:
Diverse
Påske på hytta
Etiketter:
Natur
Sokkar og tøflar
Har brukt litt meir garn frå restegarnlageret mitt. Har strikka eit par stripete sokkar i str 38 av diverse restegarn og eit par tøflar i Trollgarn frå Hifa. Oppskrifta til tøflane finst som gratisoppskrift på heimesida deira. Tøflane tova eg 2 gongar på 40 grader i vaskemaskina før eg fekk dei i den størrelsen eg ville ha dei. Dei grå sokkane er strikka i str 43 i Hifa raggsokkgarn.
Etiketter:
Strikking
Abonner på:
Innlegg (Atom)