torsdag 14. juni 2007

Hemmeleg Venn juni 2007


Har fått ei flott gåve frå min Hemmeleg Juni-venn på HB: 2 rosa nøster Superwash Ullgarn, 2 nøster Topp t'Tå i ein nydeleg lillafarge, eit rosa silkeband, 3 hjerteknappar, rosa englevinger, 3 rosa sommarfuglar og 5 små,rosa stiftar som kan brukast til pynt på feks klær. Eg fekk også eit koseleg kort med ei lita teikning av ein sommarfugl, så gåva er nok sendt av SOMMERFUGLEN.




søndag 3. juni 2007

Festdrakt til Babyborn


For ei stund sidan melde eg meg inn i Babyborn-alongen på Hobbyboden. Oppgåva var å laga eit selskapsantrekk

som skulle vera ferdig til 1. juni. Eg valgte å laga eit 17. mai antrekk. Mønsteret er frå Sandnes sitt hefte nr 0106 Dukkehefte og er strikka i Sisu. Antrekket vart ikkje ferdig til 17. mai, fordi oppgitt lengde på pyntebandet var altfor lite, berre nok til nedre kant på skjørtet, så eg måtte få tak i meir.

Hekla gryteklutar


Gryteklutar hekla i Mor Aase Bomullsgarn som eg har fått frå min Hemmelege Maivenn Strikketrollet.

søndag 20. mai 2007

Bosniatøflar


Har strikka mitt første par Bosniatøflar. Dei er strikka i Østlandsgarn og det turkise garnet fekk eg frå Rita i HV mars.



lørdag 19. mai 2007

Hemmeleg venn mai 2007

I dag har eg fått pakke frå min hemmelege maivenn.
Eg har fått to nøster Mor Aase bomullsgarn, eit nydeleg Mohair Løvegarn, eit flott stoff med kattemotiv
og eit kort med ei fin helsing i og eit dikt som heiter "Si oss det" av Rolf Jacobsen. Har alt lagt planar for
bruk av både stoff og garn.


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...