fredag 27. februar 2015

Mariusgensar



Då har eg atter ein gong strikka Marius, denne gongen ein gensar til ei 17 år gamal jente etter forespurnad.  Kjekt og lett strikkearbeid og sidan det er vinterferie har eg fått strikka gensaren i rekordfart.  I går vart gensaren overlevert, den passa perfekt og mottakaren var svært fornøgd, alltid spennande det, spesielt når ein strikkar til andre.  Mønsteret er frå eit Sandneshefte og eg har strikka i Sisu i str S. 
No skal det pakkast for å dra på hytta siste helga i vinterferien.

søndag 18. januar 2015

Båtsokkar




Desse båtsokkane var ei julegåve til søstera mi.  Tenkte ho skulle bruka dei når dei er på tur i seglbåten sin.  Sokkane ligg som gratisoppskrift hjå Hillesvåg ullvarefabrikk.  Eg har kjøpt ein materialpakke og har nytta Fjordgarnet til Hifa.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...