søndag 31. august 2014

Setesdalsgensar

Etter laaang bloggtørke håpar eg å vera i gong att no.  Ein fantastisk sommar er (nesten) over, ein sommar der mykje av tida vart tilbrakt på hytta og handarbeid har vore bytta ut med maling både inne og ute.  



Denne Setesdalsgensaren vart ferdig før ferien med tanke på å ha ein lett og god ullgensar i sekken på vandring i fjellet.  Med temperaturar opp mot 30 grader kom ikkje eingong gensaren ut av klesskapet. 


Minnast den rake motsetning for 2 år sidan då me også hadde tenkt oss på tur på Hardangervidda på same staden, men med tåke og temperatur på 2 grader snudde vi og reiste heimatt.   Så stor kan skildnaden vera.









Hadde bestemt meg for at eg ville ha ein gensar i eit tradisjonelt mønster i Finull.  Fann eit mønster i boka "Norsk strikk", men plundra ein del med å få garnet og mønsteret tilpassa til kvarandre, litt opprekking måtte til både på bol og ermane.  Resultatet vart tilslutt akkurat slik eg ville ha gensaren!  


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...