søndag 25. januar 2009

Spiralsokkar


Desse sokkane er strikka i Robust på pinne nr 3,5. Mønsteret har eg funne i Ronille sin blogg.
Kjem nok til å strikka fleire av desse.

Januarklut

Har meld meg på årets kjøkkenklutalong, og her er januarkluten som er strikka i Muskat på pinne nr 4. Dette garnet har eg hatt liggjande i mange år saman med fleire nøster i andre fargar. No har eg tenkt å bruka dette restgarnet til klutane i alongen framover.
Mønsteret er frå Drops Design og omgjort frå eit gryteklutmønster. Har strikka rutestrikk med 4 rett og 4 vrang i 4 omg, deretter 4 vrang og 4 rett i 4 omg osv.

Londontur












Har vore på ein fantastisk flott tur
til London.
Målet for turen var å delta på messa: Bettshow, ei utdannings- og teknologimesse. Her var det så mykje å sjå på at vi gjekk rundt der i to heile dagar, og likevel var det nok mykje vi ikkje fekk med oss.

Dei to siste dagane var vi turistar. Sjølv om eg ikkje er nokon stor fotballentusiast, var det ei stor oppleving å vera på fotballkamp på heimebana til Chelsea. Med nær full tribune -
42.000 - og ein av dei beste plassane, og 2-1 til
heimelaget, fekk vi full valuta for pengane.

Musicalen Sound of Music var berre heilt utruleg
flott. Vi var også med på ei spesiell gudsteneste i Westminster, og siste dagen tok ein sightseeingbuss rundt i London slik at vi fekk med oss dei mest kjende serverdigheitene.

























tirsdag 13. januar 2009

Thermis


Då har eg kasta meg på Thermisbølgja som herjar på Hobbyboden eg også. Har strikka med dobbel tråd på pinne nr 4 i tynn alpakka frå Rauma. I morgon drar eg til London på ei utdannings-/teknologimesse i samband med jobben, så då passar det godt å ha med ein god og mjuk hals å ha på seg på vandring rundt i byen.
Knappane skal bytast ut så snart eg får kjøpt nokon finare, desse får gjera nytte inntil vidare.

søndag 11. januar 2009

Januarsokkar






Har meld meg på sokkealongen i år, og skal prøva å strikka eit par sokkar kvar månad.



Årets første sokkar er Pi-socks. Eg valde å strikka dei i Pt5 garn på pinnar nr 2,5. Morsomt å strikka desse sokkane, som er strikka i striper etter talrekkja i Pi (3,14159 26535 89793 23846).
Eg rekna ut at eg slapp å strikka ned til den første nullen, difor strikka eg etter desimalane slik dei står.



Engel i hardangersaum




Denne nydelege engelen i hardangersaum har søstera mi laga til meg i julegåve. Eg synes den er veldig flott og gler meg til å ta den fram att til neste jul.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...