tirsdag 13. januar 2009

Thermis


Då har eg kasta meg på Thermisbølgja som herjar på Hobbyboden eg også. Har strikka med dobbel tråd på pinne nr 4 i tynn alpakka frå Rauma. I morgon drar eg til London på ei utdannings-/teknologimesse i samband med jobben, så då passar det godt å ha med ein god og mjuk hals å ha på seg på vandring rundt i byen.
Knappane skal bytast ut så snart eg får kjøpt nokon finare, desse får gjera nytte inntil vidare.

1 kommentar:

Torunn sa...

Så flott den var!! Eg har ikkje blitt bitt av denne basillen enno. ;) Ynskjer deg ein flott onsdag!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...