søndag 20. mars 2011

Nepaltepper






På Okhaldunga sjukehus i Nepal arbeider Kristin og Erik Bøhler. Sjukehuset ligg langt oppi fjella og vintrane er kalde. I Bergen bur ei dame; Jorunn, som samlar inn ferdige ulltepper eller lappar som vert sydd saman til teppe. Ho sender desse teppa til Nepal. "Teppa vert brukte til pasientar som treng varme eller har vanskar med å få på seg klede pga skadar, og når babyar vert fødd på sjukehuset og mødrene ikkje har klær til å ha på barnet sitt så får dei eit lappeteppe som er strikka i Noreg". Synes dette er eit fantastisk flott tiltak, og såg at eg her kunne få brukt opp mykje av restegarnet mitt. I vinterferien strikka eg ferdig alle lappane og fekk montert 2 teppe. No har eg hekla ein pyntekant rundt det eine teppet, og er klar til å senda teppa. Det eine teppet har eg strikka i babyull og det andre i tjukkare ullgarn. Nokre av restane i babyullgarnet er ganske gamle, men no kom dei til nytte. Kjøpte inn 4 nøster Trysil ullgarn for å få litt friskare fargar i det eine teppet, ellers er alt restegarn. Har strikka 49 lappar á 15x15 cm til begge teppa, då vert teppa vel 1x1 m store. Teppet i babyullgarn veg 630 gram og det andre veg 762 gram. Det er ikkje brukt kvitt garn i teppa då kvit er dødens og sorgens farge i Nepal og derfor ikkje så aktuell farge å strikka med.
Det er mange rundt omkring i landet som strikkar eller heklar lappeteppe til Nepal, og dette kan lesast meir om i denne bloggen.

mandag 7. mars 2011

Kjørepose til BabyBorn




Kjøreposen til Babyborn er strikka i Viking Balder på tjukke pinnar. Det gjekk veldig raskt å strikka opp dei 200 gr eg hadde kjøpt på ein garnbutikk i Bergen. Så sa det stopp. Eg mangla garn og ved neste bybesøk gjekk eg med raske steg til garnbutikken og skulle ha ei hespe til.
Men nei; dei solgte ikkje lenger dette garnet. Var det andre butikkar i sentrum som kunne ha dette? Ja, kanskje ein butikk i Strandgata som var i ferd med å avvikla. Heller ikkje her hadde
dei meir av det eg skulle ha. Arbeidet vart liggjande; skulle eg rekkje alt opp att og bruke
garnet til noko anna. Ein dag køyrde eg 15 min til Austrheim der dei har ein flott garnbutikk. Er der sjeldan då eg til vanleg ikkje har ærend den vegen. Og kva fann eg; lilla Viking Balder! Så kvifor gå over bekken etter vatn! Kjøreposen vart ferdig i ein fei og ei lita lue hadde eg også nok til!

onsdag 2. mars 2011

Regnbuesokkar


Desse sokkane har eg strikka mange av for nokre år attende. No har eg kjøpt inn garn på nytt og har tenkt å strikka opp ein del par til. Sokkane er populære gåver, fargerike som dei er.
Mønsteret er frå Hifa og sokkane er strikka i Hifa ullgarn med raggsokkgarn i hælen for å forsterka denne. Eg har brukt pinnar nr 3,5.


tirsdag 1. mars 2011

Dovrevotten



Høyrde desse vottane omtala inne på Hobbyboden, og med mi interesse for historie, fekk eg lyst å strikka desse vottane. Oppskrifta fann eg i Norsk Husflid nr 7 - 2007. Dovre Husflidlag hadde ein konkurranse om ein Dovrevott i 2000, og då vann denne votten med Pilgrimsmerket. Bruken av merket måtte godkjennast av Riksantikvaren, og med godkjenninga fulgte ein klausul som sa at Pilgrimsmerket ikkje måtte brukast på andre tekstilar.
Eg har strikka vottane i originalgarnet Rauma 3-tråds strikkegarn på p 3 og brukt originalfargane
kvit, brun og raud.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...