søndag 29. mars 2009

"Toras påskeløpar"




Har sydd ferdig "Toras påskeløper" som er eit av dei siste mønstera frå AnnAKa. Manglar nokre knappar til pynt, men dei får eg kjøpa på veg til påskeferien på hytta. Løparen har eg lagt på bordet i stova, men den skal få vera med på hytta neste helg den også. Eg har applikert rundt figurane med handsaum og så har eg frihandsquilta i ramma rundt og det lyse partiet i midten.
Likar ikkje å frihandsquilta, men øving gjer meister, så eg synes heldigvis det går betre og betre for kvar ting eg må frihandsquilta.


søndag 15. mars 2009

Owl socks




Etter fleire forsøk har eg no fått gjort ferdig marssokkane i sokkealongen på HB. Starta med altfor tjukt garn og pinnar, men gjekk tilslutt over til Silja garn og pinnar nr 3 for at storleiken skulle verta slik eg ville. Desse sokkane er strikka etter toe-up prinsippet. Det vil seia at eg har starta med tåa og strikka oppover. Mønsteret på sokkane er ugler, som også er tema på mange andre alongar på Hobbyboden denne månaden.

søndag 8. mars 2009

"Bente"







I vinterferien har eg sydd. Har hatt ein del uferdige produkt og materialpakkar liggjande, nokre frå i haust og eit par har eg kjøpt inn på nyåret. Det første eg har gjort ferdig er løparen "Bente"som er eit av AnnAKa sine mønster. Er ikkje så glad i frihandsquilting, så difor var denne enkel å quilta med buer på tvers av løparen. Då eg skulle sy fast snora, la eg Solvy over snora før eg sydde ho fast. Solvy er ein slags plast som løyser seg opp i vatn. Det hadde eg aldri prøvd før, men det viste seg å vera nyttig til dette bruket .












mandag 2. mars 2009

Hjartesokkar




Dette mønsteret har eg strikka tidlegare også for eit par år sidan i samband med valentinsdagen.
Mønstret heiter Valentine Heart Socks og du finn det her. Då eg sat og strikka på desse sokkane, kom eldstejenta mi heim og hadde fått russeklærne sine som ho skal bruka til russefeiringa i vår.
Vi fann difor ut at dei passar perfekt til russedrakta og døypte dei straks om til russesokkar. Kjært barn har mange namn: hjartesokkar, valentinsokkar, russesokkar ....
Sokkane er strikka i Perfect frå Sandnes Garn på pinne nr 3,5. Etter å ha strikka februarsokkane i sokkealongen på HB i Perfect, fall eg heilt for dette garnet, mjukt og godt og raskt å strikka med.

Marsklut


Her kjem kluten som er strikka i kopptuealongen for mars. Mange alongar på Hobbyboden har
ugler som tema i mars, dei som står bak alongane har gått saman og funne eit felles tema. Kluten eg har strikka heiter difor Owl Dishcloth og mønsteret finn du her.Ugler går igjen også i sokkane som eg skal strikka i sokkealongen, og også i fleire av dei andre alongane.
Supert påfunn!

Nye bøker




Har kjøpt meg to nye bøker: Strikk til Nøstebarn og Favorite Socks. Mange flotte sokkeoppskrifter i sokkeboka.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...