onsdag 30. januar 2008

"Tante Mia"





Nok ein Ufo er ferdig. Har sydd ein løpar i AnnAKa sitt mønster "Tante Mia". Fargane kjem ikkje så godt fram på bildet, men løparen er sydd med ulike grønnfargar i midten.



Englemaskesjal




Har gjort ferdig nok ein Ufo. Dette sjalet er hekla med englemasker i Mohair Løvegarn som eg
har fått frå Strikketrollet i HVgåve. Vurderte å avslutta med perler rundt kanten, men enda opp med å hekle 2 omgangar med luftmaskebuer istadenfor. Sjalet vart luftig og lett. og var veldig artig å hekle.





lørdag 26. januar 2008

Selbuvottar


Har strikka eit par rosa og kvite Selbuvottar i Silja på pinne nr 3. Uvant fargekombinasjon å strikka selbuvottar i, men eigaren hadde bestilt fargane slik og vart storfornøgd med resultatet.

No er det berre å håpa på eit kaldare Vestlandsvèr slik at dei kan koma i bruk.

Solskinnsbollar


I dag har eldstejenta diska opp med kjempegode solskinnsbollar til kaffien. Heldige uventa gjestar fekk også smaka. Her kjem oppskrifta:

Gjærdeig:

50 gr gjær

75 gr TineSmør

2 del Tine Kaffefløte

2 del TineMelk Hel

1 stk egg

4 ss sukker

12 dl hvetemel


Fyll:

2,5 del Piano Vaniljekrem

4 ss sukker

2 ss malt kanel


Smuldre gjær i bakebollen. Smelt smør og hell over fløte og melk. Varm til 37 grader. Hell dette over gjæren og rør til gjæren er oppløst. Tilsett egg og sukker og elt inn mel til en smidig deig, som knapt slipper bakebollen. Sett til heving under plast ca 40 min.

Ta deigen opp på bakebordet og kjevle ut til et rektangel. Fordel fyllet over deigen og rull sammen som til en rullekake. Skjær i ca 3 cm brede biter og legg snurrene i papirformer, sammen i ein form til en kake eller rett på bakepapir. Etterhev ca 20 min.

Pensle med sammenpisket egg. Stek bollene ved 250 grader i 5-6 minutter. Avkjøl på rist. Bollene egner seg til frysing, men samker aller best nybakt.

Rillestrikka sokkar


Har strikka eit par rillestrikka sokkar i Opal. Sokkane er strikka sidelengs og sydde saman med maskesting under foten.

tirsdag 22. januar 2008

Kattepute




Har quilta ferdig ei pute i stoff som eg fekk frå min hemmelege maivenn Strikketrollet


Gamal perlebrystduk




Denne gamle perlebrystduken frå Sunnhordland har yngstejenta mi arva etter mormora si som fekk brystduken frå ei gamal dame ca 1940. Den har lagt i ei skuff i mange, mange år. No har eg funne den fram att, fått tak i nokre perler som mangla og sydd perlene på. Sjølv om vi jenter her i huset har Nordhordlandsbunad, synes eg brystduken kan brukast også til jenta mi sin bunad, sidan det er eit arvestykket. Vurderer også om eg skal få heile brystduken innramma og hengja den på veggen til pynt.

Lueufoar ferdig

Ferdig med nokre Ufo-ar. 2 hekleluer i Topp't Tå garn og ei strikkelue i Alaskagarn.
Mønsteret på hekleluene har eg fått frå Marihøna.

torsdag 17. januar 2008

Tilbakeblikk

Endeleg er eg i gong med bloggen min igjen. Det har vore ein uvanleg travel haust, og den nyoppretta bloggen min vart ikkje prioritert. Nokre produkt har eg likevel klart å få ferdige, og
her kjem ein del av dei. I vekene framover skal Ufo-ar prioriterast!

Familien Vinter


Er veldig glad i AnnAKa sine mønster. Har sydd mange av dei. No har eg gjort ferdig 4 nye kuvertbrikker "Familien Vinter", slik at eg har 8 totalt. Desse kuvertbrikkene skal få vera med på hytta vår.

Strikkeklutar


Har prøvd meg på klutar eg også. Dei er supre i bruk, så slike vert det nok fleire av. Fine å bruka som smågåver òg.

Sjal i påfuglstrikk.


Dette sjalet er strikka i Broomstick Lace, påfuglstrikk med ein pinne nr 25 og heklenål nr 7 i Mohair Lux.

Toalettvesker


Desse to toalettveskene sydde eg ferdig til jul og brukte som julegåve til ei jente som elskar rosa.

Har brukt AnnAKa sitt mønster "Annas sminkepung.

Musevisa


Har sydd seks kuvertbrikker etter AnnAKa sitt mønster "Heisan og Hoppsan" etter inspirasjon av "Musevisa" til Alf Prøysen. Har applikert alt for hand, synes det er veldig koseleg å driva med. Brikkene har lagt ulike stadar rundt i huset som små løparar i jula.


Klær til Baby Born






Har strikka og hekla desse to setta i Mandarin Petit. Oppskriftene er henta frå Sandnes sitt dukkehefte nr 0702
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...