søndag 18. januar 2015
Båtsokkar
Desse båtsokkane var ei julegåve til søstera mi. Tenkte ho skulle bruka dei når dei er på tur i seglbåten sin. Sokkane ligg som gratisoppskrift hjå Hillesvåg ullvarefabrikk. Eg har kjøpt ein materialpakke og har nytta Fjordgarnet til Hifa.
søndag 28. september 2014
Nancykofte
Hausten er her, og det er godt å ha ei ny kofte eller strikketrøye ferdig til å ta i bruk.
Trøya er strikka i Sandnes mini alpakka, og vert kalla Nancykofta.
Nancyfeberen har herja rundt i landet ei tid, og eg har sett mange trøyer i utruleg fine fargekombinasjonar. Eg har vald ein av kombinasjonane i oppskrifta.
Knappestolpane på Nancykofta er vertikale. Eg føretrekkjer nok eigentleg knappestolpar som som vert strikka nedanfrå og så syast fast, men eg har halde meg til originaloppskrifta. Derfor tok eg opp masker på innsida og strikka eit belegg i glattstrikk som eg sydde fast for å dekkja sårkanten.
Trøya er strikka i Sandnes mini alpakka, og vert kalla Nancykofta.
Nancyfeberen har herja rundt i landet ei tid, og eg har sett mange trøyer i utruleg fine fargekombinasjonar. Eg har vald ein av kombinasjonane i oppskrifta.
Knappestolpane på Nancykofta er vertikale. Eg føretrekkjer nok eigentleg knappestolpar som som vert strikka nedanfrå og så syast fast, men eg har halde meg til originaloppskrifta. Derfor tok eg opp masker på innsida og strikka eit belegg i glattstrikk som eg sydde fast for å dekkja sårkanten.
søndag 31. august 2014
Setesdalsgensar
Etter laaang bloggtørke håpar eg å vera i gong att no. Ein fantastisk sommar er (nesten) over, ein sommar der mykje av tida vart tilbrakt på hytta og handarbeid har vore bytta ut med maling både inne og ute.
Hadde bestemt meg for at eg ville ha ein gensar i eit tradisjonelt mønster i Finull. Fann eit mønster i boka "Norsk strikk", men plundra ein del med å få garnet og mønsteret tilpassa til kvarandre, litt opprekking måtte til både på bol og ermane. Resultatet vart tilslutt akkurat slik eg ville ha gensaren!
Denne Setesdalsgensaren vart ferdig før ferien med tanke på å ha ein lett og god ullgensar i sekken på vandring i fjellet. Med temperaturar opp mot 30 grader kom ikkje eingong gensaren ut av klesskapet.
Minnast den rake motsetning for 2 år sidan då me også hadde tenkt oss på tur på Hardangervidda på same staden, men med tåke og temperatur på 2 grader snudde vi og reiste heimatt. Så stor kan skildnaden vera.
Hadde bestemt meg for at eg ville ha ein gensar i eit tradisjonelt mønster i Finull. Fann eit mønster i boka "Norsk strikk", men plundra ein del med å få garnet og mønsteret tilpassa til kvarandre, litt opprekking måtte til både på bol og ermane. Resultatet vart tilslutt akkurat slik eg ville ha gensaren!
søndag 30. mars 2014
Tine Solheim jakke
Denne jakken har eg strikka til yngstejenta mi. Mønsteret er ein Tine Solheim modell og er strikka i Dale Monjita effektgarn i 91% alpakka.
Ikkje mitt yndlingsgarn å strikka i, hadde tenkt å laga ein jakke til meg sjølv også, og garnet var innkjøpt, men bytta det inn i garn til mine to pågåande strikkeprosjekt.
mandag 24. februar 2014
Revesokkar
I romjula strikka eg desse revesokkane med garn og oppskrift frå Hillesvåg Ullvarefabrikk. I mellomtida har sokkane vore på "tur", men no fekk eg endeleg tatt bilde av dei.
Eg er så heldig at eg bur i nærleiken av Hillesvågen, og må ta meg ein tur dit rett som det er.
Dei har masse nydeleg garn og ull og ein liten, triveleg butikk i dei gamle fabrikklokala.
Oppi berget bak fabrikken har dei laga denne utsmykninga, eit kjempestort strikkearbeid. Stilig er det.
søndag 16. februar 2014
OL-lue
Då vart OL-lua til eldstejenta ferdig i ein fei. Enkel og grei å hekle. Lenge sidan eg hadde hekla no, så det var jammen meg kjekt. Hekla med dobbelt garn Dale babyull på heklenål nr 4. Har ikkje sett noko merke på, og no er både datter og lue ute av huset og reist attende til Bergen.
søndag 2. februar 2014
"Strikk for livet"
Etter ei lang bloggtørke kjem det omsider eit nytt innlegg på bloggen min. Bloggtørke, men ikkje handarbeidstørke, har berre ikkje fått lagt ut dei tinga eg har laga.
Innimellom andre handarbeid har eg dei siste åra laga lappeteppe av restegarn i ull til eit sjukehus langt oppe i fjella i Nepal, der eit par frå Bergen arbeider.
Ei dame frå Bergen samlar inn teppa og vidareformidlar dei.
Eg har også sendt tepper og luer til sjukehus her i landet til prematur fødde.
No har eg gjort ferdig 2 tepper og ein "kuvøsegensar"/lue til "Strikk for livet"/Tanzania.
Premature og nyfødte i Tanzania trenger varme klær da de ikke klarer å regulere kroppstemperaturen så godt selv. Bli med og strikk ullklær til de små 
Strikk for livet er en veldedig non-profit organisasjon som samler inn strikkede ullplagg til premature, nyfødte og syke barn ved sykehus i Tanzania, med den hensikt å forebygge sykdom og død. Du kan finne strikkeoppskrifter og mer informasjon om Strikk for livet på hjemmesiden.
50 gr babyull rekk til ein prematurgensar og lue, til teppa gjekk det med 200 gram.
Har lagt opp 3 m og auka 1 m i begynnelsen av kvar pinne til halvvegs og deretter felt tilsvarande på siste halvdel. I tillegg har eg strikka ein holkant på sidene.
søndag 15. september 2013
"Gryta hennar mor"
Mimre, mimre ...
I dag har eg vore på ei fantastisk kjekk utstilling i nærmiljøet mitt.
Med utgangspunkt i 50- og 60talet synte utstillinga ulike miljø som representerer desse to tiåra.
Alle rom i eit vanleg hus var representert, og stor var gleda ved å sjå att mange kjente gjenstandar frå barndomsåra mine.
Med utgangspunkt i 50- og 60talet synte utstillinga ulike miljø som representerer desse to tiåra.
Alle rom i eit vanleg hus var representert, og stor var gleda ved å sjå att mange kjente gjenstandar frå barndomsåra mine.
Slik komfyr hadde me heime i mine første leveår.
Mamma si vaskemaskin. Denne sette ho på kok kvar søndagskveld, måndag var vaskedag.
Denne negerdama hang i mannen min sin barndomsheim.
Ei slik lesebok hadde eg også då eg tok til på skulen i 1963. Eit godt minne, eg elska nemleg å gå på skulen då eg var liten og leika ofte skule med veslesøstera mi.
Det har no heldigvis gått litt framover i heimen sidan dette!
Ei slikt fat hadde me hengjande heime. Tenkte alltid på at det likna på søstera mi og meg - me hadde nemleg hardangerbunader med lue til.
Nonsbord. Nons åt me kl 15.30. Hugsar godt den obligatoriske 1liters sirupsboksen på det gråe respakteksbordet.
Slik vask hadde me på kjøkkenet. I sommar fekk eg tak i ein slik ein og den har eg tenkt å ha på hytta og pynta med blomstrar. Norgesglasa på golvet har eg mange av; berre fantasien set grenser for kva dei kan brukast til i dag.
Hugsar me kjøpte slike 3-kg spann med appelsinmarmelade. Etterpå brukte me spanna til andre ting.
På platespelaren ligg Salhuskvintetten sin Ønskekonsertslager "Gryta hennar mor" frå 1968.
mandag 1. april 2013
Ei annleis påskehelg - pappa er borte.
Det vart ei annleis påskehelg for oss dette året. Måndag 18. mars - på mamma sin fødselsdag - døydde pappa brått om kvelden og tirsdag i påskeveka vart han gravlagd. I fjor haust feira han 90-års dagen sin. Sjølv om helsa var litt skrantande på slutten, fekk han bu heime på garden heile livet. Det var han veldig takknemleg for. Det er vondt å mista ein kjær pappa, sjølv om han oppnådde ein høg alder. Samstundes er me uendeleg takknemlege for å ha hatt akkurat han til ektefelle, far, bestefar og oldefar. Pappa var heilt til siste andedrag levande opptatt og engasjert i alt som rørte seg i liva våre, både små og store. No må me læra oss å leva vidare med alle dei gode minna me har om han.
Pappa var flink til så mykje; det var han som lærte meg å strikka då eg var ganske liten. Eg hugsar han sette meg på fanget og hald armane sine framfor mine. 5 år gamal strikka eg sokkar til den jamgamle fetteren min, har det vorte meg fortald. Han kunne også mykje om gamle handverksteknikkar, og har synt meg karding og spinning på rokk.
Eit par veker før han døydde, sat eg og sydde på ei julepute. Då spurde han meg om det var stilkesting eg sydde på! Og ja, det var det - det var så eg knapt visste det sjølv. Har brodert mykje framover, men ikkje særleg mykje med stilkesting. Pappa fortalde at han som liten gut hadde sydd ein duk med stilkesting - det hadde eg aldri høyrt han hadde fortald før.
Etter gravferda tok me oss eit par dagar på hytta i det aldeles nydelege påskeveret me har hatt her på Vestlandet denne påskehelga. Utsika er upåklageleg; Folgefonna i bakgrunnen.
søndag 13. januar 2013
Trekk til lysglas og lyspose
Altfor lenge sidan siste blogginnlegg no. Har vore ganske stille på handarbeidsfronten i det siste, det vil seie eg jobbar no litt på, men med større strikkeprosjekt og syprosjekt og då vert det ikkje så mykje å blogga om på den fronten. Då er det kjekt å surfa rundt i bloggverda og finna alt det fine som andre produserer. Ein av bloggane eg har oppdaga, er bloggen til Janne, og ho lagar masse fint som ho legg ut i salsbloggen sin.
Og katten kosar seg oppå TV-boksen medan Tora tar eit nytt gull i Ruhpolding.
søndag 9. desember 2012
Bytur til Bergen
Husfliden hadde ikkje mønster inne, så det vart like godt til at eg måtte på bokhandel og kjøpe boka "Norsk Strikk". Her står dei fleste tradisjonelle norske strikkemønster - kjekt å ha.
Denne laurdagen var det Bondens Marked i Bergen. Bondens marked har sidane 2003 halde jamneleg marknader i byen gjennom heile året. No har markedet flytta frå Bryggen til Fisketorget, midt i Bergen sentrum. Her finn du sesongens ferske og smakfulle matvarer direkte frå produsenten.
Kvar haust er det eit større marked; Bergen matfestival. Her har eg stått på stand dei siste 5 åra saman med ei venninne som sel angorakaninprodukta sine her.
Denne dagen var målet mitt å kjøpa heimelaga lammerull frå Tjore Gardsmat på Radøy. Før i tida laga foreldra mine lammerull av eigne sauer heime på garden, og eg har kvart år planar om å kjøpa svong og laga sjølv, men så vart det altså ikkje i år heller.
Pepperkakebyen i Bergen i førjulstida er vide kjent. Hadde ein plan om å gå innom her også, men det hadde nok mange andre planar om også, for køen var kjempelang. Derfor vart dette besøket droppa.
Plar vera heilt fasinert av alle byggeverka som er å sjå der, eg.
I mai 2012 opna Mathallen på Torget i Bergen og vart ein del av Torget. Mathallen husar blant anna det gamle, verdensberømte Fisketorget. Her hadde eg ikkje vore inne før, men no var tida inne for å ta hallen i øyensyn. Mathallen er vakker og innbydande, men litt rart å venja seg til at fiskebodene ute er vekke.
I nesten 800 år skulle Bergen forbli senter for handel med tørrfisk fra Nord-Norge. I bytte for fisken, vart det innført varer som korn, mjøl, salt, sukker, tøy og jernvare, og luksusvarer fra fjerne land som silke, glass, krydder og handverk. Tørrfisken vart også brukt som betalingsmiddel lokalt.
Bryggen i Bergen er bygd av inntekter frå handel med tørrfisk.
På slutten av dagen møtte eg yngstejenta og me kosa oss på kafe med caffe latte og rundstykke.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
