mandag 1. april 2013

Ei annleis påskehelg - pappa er borte.


Det vart ei annleis påskehelg for oss dette året.  Måndag 18. mars - på mamma sin fødselsdag - døydde pappa brått om kvelden og tirsdag i påskeveka vart han gravlagd.  I fjor haust feira han 90-års dagen sin.  Sjølv om helsa var litt skrantande på slutten, fekk han bu heime på garden heile livet.  Det var han veldig takknemleg for.  Det er vondt å mista ein kjær pappa, sjølv om han oppnådde ein høg alder.  Samstundes er me uendeleg takknemlege for å ha hatt akkurat han til ektefelle, far, bestefar og oldefar.  Pappa var heilt til siste andedrag levande opptatt og engasjert i alt som rørte seg i liva våre, både små og store.  No må me læra oss å leva vidare med alle dei gode minna me har om han.


Pappa var flink til så mykje; det var han som lærte meg å strikka då eg var ganske liten.  Eg hugsar han sette meg på fanget og hald armane sine framfor mine.  5 år gamal strikka eg sokkar til den jamgamle fetteren min, har det vorte meg fortald.  Han kunne også mykje om gamle handverksteknikkar, og har synt meg karding og spinning på rokk.
Eit par veker før han døydde, sat eg og sydde på ei julepute.  Då spurde han meg om det var stilkesting eg sydde på!  Og ja, det var det - det var så eg knapt visste det sjølv.  Har brodert mykje framover, men ikkje særleg mykje med stilkesting.  Pappa fortalde at han som liten gut hadde sydd ein duk med stilkesting - det hadde eg aldri høyrt han hadde fortald før.


Etter gravferda tok me oss eit par dagar på hytta i det aldeles nydelege påskeveret me har hatt her på Vestlandet denne påskehelga.  Utsika er upåklageleg; Folgefonna i bakgrunnen.



søndag 13. januar 2013

Trekk til lysglas og lyspose


Altfor lenge sidan siste blogginnlegg no.  Har vore ganske stille på handarbeidsfronten i det siste, det vil seie eg jobbar no litt på, men med større strikkeprosjekt og syprosjekt og då vert det ikkje så mykje å blogga om på den fronten.  Då er det kjekt å surfa rundt i bloggverda og finna alt det fine som andre produserer.  Ein av bloggane eg har oppdaga, er bloggen til Janne, og ho lagar masse fint som ho legg ut i salsbloggen sin.







Ho har hekla nokre fine trekk til lysglass og eg har kjøpt 2 kvite og 2 beigebrune trekk hjå ho. Ho syr også nydelege lysposar med decoupage, og eg måtte berre kjøpa meg ein slik lyspose også.  Eg er SÅ fornøgd.  Anbefalar alle å besøkja bloggen hennar.


Og katten kosar seg oppå TV-boksen medan Tora tar eit nytt gull i Ruhpolding.

søndag 9. desember 2012

Bytur til Bergen


I går reiste eg ein tur til Bergen.  Første mål var Husfliden der eg skulle kjøpa garn til turgensar til meg sjølv.  Eg hadde planlagt å strikka Setesdalsgensar og garnval fall på Rauma Finull.  Passeleg tjukt og 100% ull.



Husfliden hadde ikkje mønster inne, så det vart like godt til at eg måtte på bokhandel og kjøpe boka "Norsk Strikk".  Her står dei fleste tradisjonelle norske strikkemønster - kjekt å ha.  


Denne laurdagen var det Bondens Marked i Bergen.  Bondens marked har sidane 2003 halde jamneleg marknader i byen gjennom heile året.  No har markedet flytta frå Bryggen til Fisketorget, midt i Bergen sentrum.  Her finn du sesongens ferske og smakfulle matvarer direkte frå produsenten.

Kvar haust er det eit større marked; Bergen matfestival. Her har eg stått på stand dei siste 5 åra saman med ei venninne som sel angorakaninprodukta sine her. 
  

Denne dagen var målet mitt å kjøpa heimelaga lammerull frå Tjore Gardsmat på Radøy.  Før i tida laga foreldra mine lammerull av eigne sauer heime på garden, og eg har kvart år planar om å kjøpa svong og laga sjølv, men så vart det altså ikkje i år heller.  



Pepperkakebyen i Bergen i førjulstida er vide kjent.  Hadde ein plan om å gå innom her også, men det hadde nok mange andre planar om også, for køen var kjempelang.  Derfor vart dette besøket droppa.
Plar vera heilt fasinert av alle byggeverka som er å sjå der, eg.     


I mai 2012 opna Mathallen på Torget i Bergen og vart ein del av Torget.  Mathallen husar blant anna det gamle, verdensberømte Fisketorget.  Her hadde eg ikkje vore inne før, men no var tida inne for å ta hallen i øyensyn.  Mathallen er vakker og innbydande, men litt rart å venja seg til at fiskebodene ute er vekke. 



I nesten 800 år skulle Bergen forbli senter for handel med tørrfisk fra Nord-Norge. I bytte for fisken, vart det innført varer som korn, mjøl, salt, sukker, tøy og jernvare, og luksusvarer fra fjerne land som silke, glass, krydder og handverk. Tørrfisken vart også brukt som betalingsmiddel lokalt.



Bryggen i Bergen er bygd av inntekter frå handel med tørrfisk.



På slutten av dagen møtte eg yngstejenta og me kosa oss på kafe med caffe latte og rundstykke.

onsdag 5. desember 2012

Juleduk og løpar




Endeleg fekk vi vinter her på Vestlandet.  Frå å ha grøn plen forrige veke har vi no fått ei kvitt, fint dekke utanfor.  Gradestokken syner minus 6, og kaldare har det vore dei siste dagane.  Ganske så uvant, men herleg er det.



Tidlegare i haust sydde eg ferdig ein juleløpar, ein løpar og ei lita brikke.  Mønsteret er frå AnnAKa og stod i Quiltemagasinet for eit par år sidan.  Dette settet skal eg ha sjølv og pynta kjøkkenet mitt med til jul. 



 Var med i eit abonnement på materialpakkar hjå Lappedilla der dei kvar gong AnnAKa utgav eit nytt mønster, sende ut ein slik pakke. Det hopa seg litt opp hjå meg kan eg trygt sei.  Men no er eg i mål - alle materialpakkar er ferdige. JUHU! 

lørdag 1. desember 2012

Regnbuesokkar igjen



Regnbuesokkar har eg strikka mange par av gjennom mange, mange år.  Med sine friske fargar har dei vore ei populær gåve til vener og bekjente.  Gode kosesokkar å ha på hytta også.  For ei tid tilbake kjøpte eg inn Hifa ullgarn til mange sokkar i dei tradisjonelle fargane gul, orange, raud, grøn, blå ....  og strikkar eit par i ny og ne.  No har Hifa utgjeve forslag til andre fargekombinasjonar på sokkane, og eg har strikka to par sokkar i gråtonar.  Dette er ei bestilling som skal vera julegåver.  For å variera størrelsen, strikkar eg med ulik str på pinnane.  Dei to para i gråtonane er strikka på p 3 og p 3,5 og tilsvarar str 37 og 38.  Mønsteret kan lastast gratis ned på www.ull.no.

 

Desse bileta tok eg forrige helg.  Plenen er ganske så grøn her i slutten av november.  Det nærmar seg jul, og eg ynskjer meg kvit jul.  Kanskje gå litt på ski også.  Det har vore litt kaldare denne siste veka og me har sett litt kvitt både i lufta og på bakken.  Eg ynskjer meg meir.  No skal det pyntast til adventstida.  Gler meg til å ta fram lappeteknikkløparane og putene mine som eg sydde for eit par år sidan.

søndag 25. november 2012

Mariussokkar


Har strikka 2 par Mariussokkar til 2 jenter i familien som ynskte seg desse sokkane.  Hadde sett bilde av Mariussokkar i den nye Mariusboka, så dermed fekk eg ein god "unnskyldning" til å få denne boka i hus også (veit dei same oppskriftene finst i eit hefte også), men synes det er kjekt å lesa om historia bak Mariusoppskriftene også.  Sokkane er strikka i Peer Gynt på p 4.


Det er ikkje berre i strikkeplagg at me ser Mariusmønsteret no for tida.  Sjå berre på denne Ditt distrikt katalogen frå Nordhordland som me fekk i posten for litt sidan.  Stilig!  Vanlegvis tar eg ikkje lenger vare på slike katalogar, finn det eg treng på nettet, men denne trur eg eg på ta vare på ei stund iallefall.
   

søndag 4. november 2012

Olivers´s høst


November - den siste av haustmånadane.  Endeleg har eg tatt meg sjølv i nakken og gjort ferdig Oliver's høst før me går inn i vintermånadane.   Mønster og materialpakke kjøpte eg i 2009 då mønsteret vart utgjeve. Starta nok ikkje på løparen med det same, men den vart ein ufo etterkvart.  No har den lagt ei stund nesten heilt ferdig, og venta på at eg skulle sy på detaljane (bladnervane) på blada og gresskara.  Så lite hadde eg altså att, lukkekant og alt var ferdig påsydd.  Merkeleg, det heile tok meg vel sånn ca ein time.


Har fått gjort ferdig noko julerelatert også, men det får eg blogga om litt ut i månaden nærmare jul.  I byrjinga av 2011 la eg ut bilete av 10 ufoar, har gått seint å få dei ferdige, men no nærmar eg meg målet, ein ufo att; kroppen til 3 Isoldenissar - alle klær har eg ferdige.      

søndag 14. oktober 2012

Dorthe Skappel genser


Då har eg gjort det ikkje trudde eg skulle koma til å gjera; strikka Dorthe Skappel gensaren.  For nokre veker sidan ringte eldstejenta heim og sa at ho ville ha ein Dorthe gensar og om eg kunne strikka ein til ho.  Og då var eg sjølvsagt ikkje vanskeleg å be.  Gjekk til vår lokale garnbutikk på Manger;
Jannickes Hjemmekos, og ho var som mange andre garnbutikkar utseld for akkurat det garnet eg skulle ha.  Då eg fekk garnet i hus, gjekk det raskt å strikka gensaren, og før helga vart gensaren montert ferdig.  Eigaren vart godt fornøgd og gensaren passa heilt flott.  Har strikka med ein tråd Royal Alpakka frå Dalegarn og ein tråd Air frå Du Store Alpakka.  Skulle ha ein gensar i XS, så var usikker på masketalet, men eg gjekk ned ein pinnestørrelse til p nr 6 og la opp 76 masker.

tirsdag 18. september 2012

Snippespekulasjer

Har starta på eit nytt prosjekt - Snippespekulasjer - frå Lappemakeriet.






Eigentleg ein BOM, men fordi eg har prøvd å gjera ferdig UFO-ar, har eg fått alle pakkane i hus, til og med watt og bakstykket.  Og vips, har eg nesten sydd ferdig sirupssnippane frå 3 pakkar.  Kjempekjekt å sy over pappmalar att, lenge, lenge sidan sist.  Vart tipsa om eit vidunderlim som eg har kjøpt hjå Quiltegården i Trondheim.  Timar med arbeid med tråkling er spart!  Limen er udryg i bruk, men gull verd likevel.  

søndag 2. september 2012

Brystduk og belte til Nordhordlandsbunad





I går var eg på Husflidstova i Isdalstø og henta den ferdigmonterte brystduken og beltet som eg har hatt inne til montering.  Mønstera er frå Nordhordland og skal brukast til Nordhordlandsbunad.  Då yngstejenta skulle konfirmerast for ein del år sidan, kunne vi ikkje heilt bestemma oss for kva mønster vi skulle sy til bunaden hennar.  Det enda med at vi kjøpte materiell til 2 sett.  Det eine settet vart sydd straks og var ferdig i god tid før konfirmasjonen.  Det andre settet som eg no viser her har eg sydd på litt innimellom i dei 5 åra som har gått.  Har sydd ein del slike sett opp gjennom åra, og dei har alle vorte sydd med ulltråd.  Det har eg gjort i brystduken her også, men beltet er ein kombinasjon av ulltråd og perler.  Det var denne kombinasjonen vi likte spesielt godt.  Dei andre setta eg har sydd tidlegare, har hatt same mønster på brystduk og belte, men til desse to finst det berre mønster for anten brystduk eller belte. Det er fullt mogeleg å bruka ulike mønster på dei to delane.

søndag 26. august 2012

Maritim sommer








Ein flott seglbåt må ha fint tilbehør!  For ei tid sidan sydde eg settet Maritim Sommer designa av AnnAKa, som ei gåve til eigarane av ein stor, flott seglbåt.  Desverre har eg ikkje bilete av båten.  Det var eit krevjande arbeid å laga både duk, 2 puter og presskannetrekk, og eg sydde og sydde.  Dei som har lese bloggen min før, veit at eg likar helst å applikere for hand, og det gjorde eg her også.  Frihandsquilting på maskin likar eg derimot ikkje noko særleg, men det måtte gjerast, og eg rakk akkurat å få ferdig quiltinga før vi gjekk ut døra til besøket der gåva skulle overrekkjast.  Bilete rakk eg sjølvsagt ikkje å ta då, seint ute som eg var.
No etter ei lang tid har eg endeleg fått låna settet tilbake for å ta bilete.  Rakk akkurat å blogga om det ein av dei siste sommardagane for i år (snart september og haust).  Eg synes dette er noko av det finaste eg har laga nokonsinne innanfor lappeteknikk, og det var ei stor glede å gje det vekk til nokon som verkeleg sette pris på det.
Fort skulle det gå - og gale gjekk det også.  Det høyrer med til historia at då eg skulle reinskjera kanten rundt presskanna før eg sette på lukkekanten, skunda eg meg slik at skjerekniven glapp, og eg kutta av meg litt hud på venstre peikefinger. Legevakten måtte oppsøkjast etter kvart, og eg var tilsaman 9 gongar på legekontoret for å få skifta på såret!!  Men no er fingeren god som ny og alt dette er gløymt.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...