søndag 26. august 2012
Maritim sommer
Ein flott seglbåt må ha fint tilbehør! For ei tid sidan sydde eg settet Maritim Sommer designa av AnnAKa, som ei gåve til eigarane av ein stor, flott seglbåt. Desverre har eg ikkje bilete av båten. Det var eit krevjande arbeid å laga både duk, 2 puter og presskannetrekk, og eg sydde og sydde. Dei som har lese bloggen min før, veit at eg likar helst å applikere for hand, og det gjorde eg her også. Frihandsquilting på maskin likar eg derimot ikkje noko særleg, men det måtte gjerast, og eg rakk akkurat å få ferdig quiltinga før vi gjekk ut døra til besøket der gåva skulle overrekkjast. Bilete rakk eg sjølvsagt ikkje å ta då, seint ute som eg var.
No etter ei lang tid har eg endeleg fått låna settet tilbake for å ta bilete. Rakk akkurat å blogga om det ein av dei siste sommardagane for i år (snart september og haust). Eg synes dette er noko av det finaste eg har laga nokonsinne innanfor lappeteknikk, og det var ei stor glede å gje det vekk til nokon som verkeleg sette pris på det.
Fort skulle det gå - og gale gjekk det også. Det høyrer med til historia at då eg skulle reinskjera kanten rundt presskanna før eg sette på lukkekanten, skunda eg meg slik at skjerekniven glapp, og eg kutta av meg litt hud på venstre peikefinger. Legevakten måtte oppsøkjast etter kvart, og eg var tilsaman 9 gongar på legekontoret for å få skifta på såret!! Men no er fingeren god som ny og alt dette er gløymt.
søndag 19. august 2012
Stikkelsbær
For mange år sidan fekk eg eit lite stikkelsbærtre hjå hyttenaboen. Treet vart etter kvart flytta til min eigen hage. Fleire bærtre har eg ikkje her, men det er utruleg kor mykje bær dette eine treet har hatt, sjølv om det i år var mindre bær enn det har vore dei siste åra. I fjor vart det ikkje plukka eit einaste bær, året før laga eg syltetøy. Sidan stikkelsbærsyltetøy ikkje er den største favoritten blant pålegg her i huset, fann eg ut at eg måtte prøve noko nytt i år. Surfa litt rundt og fann oppskrifter på både saft og likør, så då vart det til at eg laga det.
Først likøren der eg blanda bær med 60% vodka. I det eine glaset putta eg oppi ei vaniljestang. Denne skal no stå i 5 veker før sukkeret skal i. Ifølge oppskrifta bør denne likøren stå og godgjera seg i 12-18 mnd, det vil seia at den kanskje kan smakast på til jul 2013 - men ein gong må den lagast, så får eg ta tida til hjelp.
Resten laga eg stikkelsbærsaft av. Fekk henta meg ein saftkokar og fekk 2,2 liter råsaft som eg deretter blanda med 2-4 dl sukker pr liter råsaft. Resultatet vart 3 1/2 flaske saft. Kan ikkje hugse å ha smaka stikkelsbærsaft nokon gong, så det vert spennande - må berre vente til safta vert skikkeleg kald.
fredag 27. juli 2012
Roseteppet
søndag 3. juni 2012
Fanagensar
lørdag 5. mai 2012
EVENTYRTEPPET
søndag 29. april 2012
Tova vottar og restegarnsokkar
Vottane er strikka i to trådar - i to ulike fargenyansar. Synes det blir ganske fint. Det går med nesten eit nøste av kvar farge til eit par vottar. Vottane er strikka med p 6 og deretter tova i vaskemaskin med grønsåpe på 30 grader. Mønster kan du finna her. Har endå restegarn att til minst 5 par til, om det vert fleire vottar eller andre produkt av garnet gjenstår å sjå. Det vert iallefall ikkje strikka fleire vottar på denne sida av sommaren.
Har også fått nytta nokre smårestar av Robust sokkegarn og strikka eit par barnesokkar i str 2-4 år.
søndag 22. april 2012
BABYTEPPE
Dette babyteppet har vore nesten ferdig ei god stund, men quiltinga mangla. Eg hadde lyst at quiltinga skulle verta så fin som mogeleg sidan dette er eit teppe som kan brukast som vognteppe eller veggteppe.
Då eg sende Eventyrteppet og Roseteppet (kjem snart i bloggen min) til quilting hjå Merete, fekk eg dette vesle teppet quilta samstundes. Eg har stitcha midtpartiet og rundt kanten. Krusedullane her skal forestilla spolar.
tirsdag 17. april 2012
GODE FORMÅL
I fjor på denne tid strikka eg 2 lappeteppe til sjukehuset i Okhaldhunga i Nepal. Sjukehuset ligg langt oppi fjella og vintrane er kalde. Jorunn i Bergen samlar inn teppe og sender til Kristin og Erik Bøhler, som jobbar på sjukehuset. Babyar som vert fødde på sjukehuset, får eit teppe med seg når dei reiser heim. No har eg strikka ferdig eit teppe til og denne gongen har eg brukt opp Sisu restegarnet mitt. Måtte supplere med nyinnkjøp av eit par nøster for å få nok. Dette er ein vinn - vinn situasjon; eg får brukt restegarnet mitt til noko fornuftig, og ein liten baby kan halda seg varm og god. Rutene er strikka i rillestrikk og er ca 15x15 cm. Utanpå teppet har eg hekla ein omgang med fastmasker og deretter ein liten pyntekant.
Har du lyst å lesa meir om dette prosjektet, kan du lese om det her. Teppet mitt må no liggja på vent til hausten før eg kan senda det, for no skal Kristin og Erik pakke saman før sommaren og dei dreg ikkje attende før i slutten av august.
50-øringen er snart historie. I forbindelse med dette har Kreftforeninga oppfordra til å samla inn 50-øringar og støtta det viktige arbeidet dei gjer. Vi har hatt ein liten innsamlingsaksjon i heimen, og med stort bidrag frå yngstejenta sin sparekasse har vi funne fram 264 myntar som no er gjort klar og er på veg til banken i morgon. Oppfordrar alle som les dette om å gå på innsamlingstokt i heimen - kvar einaste 50-øring tel.
søndag 8. april 2012
Påskehelg og småstrikk
Størstedelen av påskehelga vart tilbrakt på hytta. Dei fleste dagar med strålande ver. Litt for kaldt til å sitja lenge på terrassen og nyta den flotte utsikta me har.
Bak hytta vår er det lauvskog, og bjørkene har vakse seg kjempehøge. Med fare for at dei kunne falle over både straumledningen og hytta, gjekk vi i gang med å fella 7 kjempehøge trær 15 meter høge. Ein risikosport som fekk hjarta til å banka fortare enn normalt når mannen saga og eg og jentene skulle prøva å sikra trea ved å dra i tau som mannen hadde festa rundt trea - men det gjekk bra, trea fall der dei skulle.
Ein dag gjekk vi ein flott tur opp på Tysnessåta, 752 m.o.h. Ei fantastisk utsikt over store delar av Sunnhordland!
Litt strikking vart det også innimellom. Ein kjøkkenklut strikka i bilen og 2 par sokkar strikka av restegarn i Opal. Eine paret hadde eg akkurat nok garn til, det andre paret er restar frå 2 ulike nøster.
Sokkane er strikka på p 2,5 og eg la opp 60 masker. Kjøkkenkluten er strikka i Tuva garn - 60 m og p 4.
Har også fått ferdig pynten på eit smykkesjal. Her har eg lagt opp 3 m og auka 2 m kvar 2. pinne til 15 m. Så strikka eg ca 1,5 meter og felte av til eg hadde 3 m att. Pynten er laga av ei tova ullkule, ei svart trekule og ein "sølvring".
Bak hytta vår er det lauvskog, og bjørkene har vakse seg kjempehøge. Med fare for at dei kunne falle over både straumledningen og hytta, gjekk vi i gang med å fella 7 kjempehøge trær 15 meter høge. Ein risikosport som fekk hjarta til å banka fortare enn normalt når mannen saga og eg og jentene skulle prøva å sikra trea ved å dra i tau som mannen hadde festa rundt trea - men det gjekk bra, trea fall der dei skulle.
Ein dag gjekk vi ein flott tur opp på Tysnessåta, 752 m.o.h. Ei fantastisk utsikt over store delar av Sunnhordland!
Litt strikking vart det også innimellom. Ein kjøkkenklut strikka i bilen og 2 par sokkar strikka av restegarn i Opal. Eine paret hadde eg akkurat nok garn til, det andre paret er restar frå 2 ulike nøster.
Sokkane er strikka på p 2,5 og eg la opp 60 masker. Kjøkkenkluten er strikka i Tuva garn - 60 m og p 4.
Har også fått ferdig pynten på eit smykkesjal. Her har eg lagt opp 3 m og auka 2 m kvar 2. pinne til 15 m. Så strikka eg ca 1,5 meter og felte av til eg hadde 3 m att. Pynten er laga av ei tova ullkule, ei svart trekule og ein "sølvring".
søndag 25. mars 2012
Mobilvottar
I natt har vi stilt klokka mot sommaren og i går hadde vi ein fantastisk vårdag her i Nordhordland, så eg får skunda meg å leggja ut bilete av mobilvottane eg har strikka blant anna av restar etter selbuvottane eg har strikka i vinter. Eg strikka ein mobilvott til meg sjølv tidlegare, og synes den har vore veldig grei å bruke utanpå mobilen når eg har gått tur i regn og kulde. Får håpe vi ikkje treng å bruke desse så mykje før til hausten att! Fine å ha til smågåver. Mønsteret har eg funne hjå Steinkjerringa
søndag 11. mars 2012
SELBUVOTTAR IGJEN
Har strikka eit nytt par dame selbuvottar. Vottane er strikka i Falk på p nr 3. Kunne med fordel ha strikka dei på p 2,5 då dei vart litt lange til mi hand - stor damestr. Mønsteret er ei gratisoppskrift som finst her.
torsdag 1. mars 2012
SELBUVOTTAR
Då er eg ferdig med eit nytt vottepar, denne gong i herrestorleik. Mønsteret er frå heftet Votteboken til Thuvestua og vottane er strikka i Heilo på p 2,5.
søndag 26. februar 2012
Sjøulk
På strikkesida på FB såg eg nokon som hadde laga denne vinflaskeskjularen - Sjøulken. Syntes den var kjempefin, og tinga straks ein materialpakke hjå Den blå tråd på Sortland i Vesterålen. Pakken kom eit par dagar etter og det tok meg ikkje lang tid å få denne ferdig. Sjøulken er strikka i Lettlopi garn på pinne 5,5. Deretter tova i maskin på 40 grader. Synes kanskje den vart litt for hårete, så neste gong (for eg skal heilt sikkert strikka fleire) trur eg at eg vil prøva eit anna garn. Fiskegarnet er hekla av englemasker i Viking Sportsragg på heklekrok nr 4. Sjøulken passar ikkje i mitt hus, synes eg, men eg har ein plan for kven som skal få den i gåve.
torsdag 23. februar 2012
Gryteklutar med båtmotiv
For nokre år sidan kjøpte eg ein liten materialpakke til desse gryteklutane då eg var på hytta vår. Eg begynte nok å strikka på dei straks, men tenkte eg kunne ha dette arbeidet liggjande på hytta til ein annan gong. Strikkearbeidet vart lagt i ei korg med lokk, og der vart det gløymt lenge. Gryteklutane er strikka på liten rundpinne og deretter har eg hekla ein pyntekant rundt. Gryteklutane vart ei lita gåve og befinn seg no ombord i ein flott seglbåt.
søndag 19. februar 2012
Selbuvottar
Har strikka eit par dame selbuvottar frå eit hefte "Vottenboken" frå Thuve-Stuva. Mønsteret heiter Finnmark og er strikka i Heilo garn på pinne nr 2,5. Trur eg skal ha desse sjølv, dei gamle selbuvottane mine har sett sine beste dagar. Det var kjekt å strikka selbuvottar, så eg har alt nesten strikka ferdig eit par herrevottar også frå same heftet.
lørdag 18. februar 2012
søndag 12. februar 2012
Tine Solheim flettejakke
Mønsteret til denne jakken stod i eit julenummer av Familien for eit par år sidan. Hadde garnet liggjande ei god stund før eg begynte å strikka på jakken. Eg fekk for lite garn til kragen og kjøpte inn eit garn til. Også det var for lite, og endå eit nøste måtte til. Fekk sjølvsagt ikkje same partinr så lenge etter førsteinnkjøpet, men heldigvis kan ein ikkje sjå dette. Veit ikkje kor mykje eg kjem til å bruka denne jakken, vart eigentleg ganske stor og litt tung. Må iallefall sjå om eg kan få tak i eit raudt strikkbelte som eg kan bruka til. Jakken er strikka i Alfa frå Sandnesgarn på pinne nr 10. Ein strørrelse på mønsteret; str 38-42, og eg burde nok ha strikka med mindre størrelse på pinnane.
Abonner på:
Innlegg (Atom)