søndag 12. februar 2012

Tine Solheim flettejakke



Mønsteret til denne jakken stod i eit julenummer av Familien for eit par år sidan.  Hadde garnet liggjande ei god stund før eg begynte å strikka på jakken.  Eg fekk for lite garn til kragen og kjøpte inn eit garn til.  Også det var for lite, og endå eit nøste måtte til.  Fekk sjølvsagt ikkje same partinr så lenge etter førsteinnkjøpet, men heldigvis kan ein ikkje sjå dette.  Veit ikkje kor mykje eg kjem til å bruka denne jakken, vart eigentleg ganske stor og litt tung.  Må iallefall sjå om eg kan få tak i eit raudt strikkbelte som eg kan bruka til.  Jakken er strikka i Alfa frå Sandnesgarn på pinne nr 10.  Ein strørrelse på mønsteret; str 38-42, og eg burde nok ha strikka med mindre størrelse på pinnane.

5 kommentarer:

Mona sa...

Flott jakke! Synest det var stilig med svart belte til eg :) (OG så var det kjekt å lese ein nynorsk-blogg, eg "feiga ut" og skriv på bokmål...)

Charlotte sa...

Den var kjempefin! Håper du får brukt den litt da. Kjedelig å ikke kunne bruke noe du har brukt så tid på. Gratulerer med morsdagen :)

Elin sa...

Wow!Så flott jakke du har strikket.Så synd at den ble litt tung,da.Det er jo så mye jobb med den.Ha en flott,ny uke:-)

medina sa...

Den jakken var bare så lekker. Hadde en gang en lignende, og den ble mye brukt.

injosa sa...

Den jakka bør du bruke, syns den var kjempelekker.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...