Hausten er her alt og vinteren står for døra. Då er det fint å vera på hytta, fyra i omnen og tulla seg inn i eit
godt pledd med ei god bok og ein kopp kaffi eller te og kanskje noko
godt i glaset i tillegg.
Inger sin hobbykrok
lørdag 1. oktober 2016
Varme pledd til vinteren
tirsdag 29. mars 2016
Dobbeltferie og Osloanorakk
Påskehelga er over, men eg har framleis ferie; vinterferie. Slik vart det i år i Bergen og ein del omliggjande kommunar. Ikkje noko eg har hatt påverknad på og ikkje noko eg synes om, men slik er det altså. Arbeidsledig er eg ikkje!
Påska i år vart ei heller våt affære, men me prøvde å kosa oss på hytta likevel med god mat, lesing, litt oppussing og strikking. Turgåing vart det mindre av, her må eg skulda meir på meg sjølv enn det dårlege veret, for så lenge ein har gode regnkle/turkle, så synes eg det er heilt greitt å gå på tur i all slags ver.
Utsikt frå hytta (biletet teke i fjor).
Vart ferdig med ein Osloanorakk; kjapp å strikke i Nepal på p nr 6. Mønsteret tilpassa eg frå ei oppskrift eg fann på ei Fb gruppe og litt støtte frå ei oppskrift frå Pickles.
Godt å sjå den gryande våren på anmarsj på marka like før me drog heim att, alltid mykje kusymre rundt hytta om våren. (Akkurat dette biletet er frå i fjor).
No ventar hagearbeid her heime. Planen er å skifta ut mange av dei eldre plantane som ikkje er så fine lenger.
søndag 6. mars 2016
Sikksakkskjørt
Ferdig med 2 sikksakkskjørt frå Klompelompeboka.
Det første forsvann i ein fei utan at eg fekk tatt bilete, så då måtte eg strikka meg eit nytt eit. Superbehageleg, elastisk skjørt som gjekk fort å laga.
Strikka i Sandnes Merinoull, herleg garn å strikka i.
lørdag 20. februar 2016
Lev landlig
Bladet Lev Landlig er mitt absolutte favorittblad. Veldig glad i gamle og nostalgiske ting, og synes det er spennande med gamle handverksteknikkar og tilbereding av mat på gamlemåten. I dette bladet finn eg mykje inspirasjon, manglar berre eit gamalt hus...... Har abbonert i 2 år no, berre synd eg ikkje oppdaga bladet tidlegare.
Bladet hadde nemleg 10-års jubileum for ei tid tilbake, og i denne
anledning vart det designa ei Lev Landlig-kofte i to variantar. No har
eg strikka kofta i den klassiske varianten grått og blått.
Kofta eller
stikketrøya som eg er van med å seie, skal eg ha på hytta.
Kofta er strikka ovanfrå og ned. Første gongen eg gjer det og veit ikkje heilt om eg likar dette eller ikkje. Fordelen er sjølvsagt at det er enkelt å få kofta og ermane passe lange.
søndag 14. februar 2016
Snippespekulasjer
Enkelte ting tar lang tid; denne gongen har eg brukt 3 år på å sy ferdig dette teppet.
Var med i ein BOM - Snippespekulasjer - frå Lappemakeriet. Pakkane kom - fortare enn eg rakk å pakka dei ut!
Alle blokkene er handsydd rundt papir, så det var lett å ha arbeidet med seg rundt omkring.
Gitteret er sydd på med maskin. Handquilta er det nok ikkje, men her har eg som vanleg fått Meretes
Ouilteloft til å quilta teppet for meg.
Berre å stå på vidare, så vert nok dei også ferdige tilslutt vil eg tru.
søndag 31. januar 2016
GAAA teppet mitt
Etter 2 1/2 år er endeleg GAAA teppet mitt ferdig. The Great American Aran Afghan. Har vore med i ei samstrikkgruppe på Fb, der me skulle strikka 1 lapp pr 14 dagar. Det var det faktisk ingen som greidde å gjennomføra, men ferdig vart eg no omsider. Dei to siste lappane brukte eg eit halvt år på!
Lappane er designa av ulike amerikanske kvinner, som var med i ein konkurranse, og dette er vinnarlappane som er sett saman til eit teppe. Har hekla lappane saman med kjedemasker, tok si tid det også, for lappane hadde ikkje like mange masker.
Tilslutt ein maaange meter lang flettekant rundt heile teppet.
Veldig god kjensle å endeleg vera ferdig!
søndag 10. januar 2016
Håøytoppen
I dag gjekk turen til Håøytoppen. Ein halv times biltur unna før starten på turen, likevel hadde me ikkje vore her tidlegare. Ingen tung tur, men is ligg framleis i turstiane, så mange stadar er det best å gå på sida av stiane. Sidan frosten har halde seg ei stund no, var det hardt underlag, så det var muleg å gå der ein ville. Akkurat i det me starta å gå, begynte det å snø litt. Snøen låg seg som eit kvitt lag oppå isen, så me måtte gå forsiktig.
Me starta med betongblandeverket på Flatøy, like ved E39. Sjølv om ein heile tida går på same øya, er det likevel to ulike øynamn: Flatøy og Håøyna. Håøyna var ein strategisk viktig forsvarsstad under både 1. og 2. verdskrig, og dette kunne me sjå restar etter både undervegs og på toppen der det var kanonstillingar. Toppen ligg 171 m.o.h., men oppe på toppen er det ope og fritt med utsikt i mest alle retningar.
Godt tilrettelagt sti |
Mai elskar å gå på tur |
Flotte isformasjonar langs løypa |
Toppen er nådd. Alversundbrua skimtast i bakgrunnen. |
Flott utsikt om enn noko disig. |
Mot sør; brua mellom Frekhaug og Flatøy. |
Me starta med betongblandeverket på Flatøy, like ved E39. Sjølv om ein heile tida går på same øya, er det likevel to ulike øynamn: Flatøy og Håøyna. Håøyna var ein strategisk viktig forsvarsstad under både 1. og 2. verdskrig, og dette kunne me sjå restar etter både undervegs og på toppen der det var kanonstillingar. Toppen ligg 171 m.o.h., men oppe på toppen er det ope og fritt med utsikt i mest alle retningar.
mandag 4. januar 2016
Veten i Åsane
Tida flyg, nesten eit år sidan forrige blogginnlegg. Har ikkje tenkt å leggja ned bloggen, nyttårsfortsett plar eg ikkje ha, men må prøva å få til litt hyppigare innlegg i det nye året!
I går prøvde me ut eit nytt turområde i eit strålande, men kaldt vestlandsver. Me køyrde ein times tid sørover i retning Bergen. Over Nordhordlandsbrua tok me av bort mot Hordvik og derette køyrde me oppover mot Falkanger der me parkerte. Etter eit lite stykke til fots kom me forbi Sætregården og inn på den Trondhjemske postvei.
Me gjekk forbi ei flott steinløe før me tok av på sti opp mot Veten. Stien opp var bratt og isete, men utsikta var flott. På toppen var det ei eineståande utsikt i alle himmelretningar.
Veten ligg 486 moh og er høgaste toppen i Åsane. Som namnet fortel, var dette ein del av det gamle vetesystemet. Når det var mistanke om at fiendar var på veg, vart det tent bål på toppen og varsla til neste vete (varde) og folk ikring.

fredag 27. februar 2015
Mariusgensar
Då har eg atter ein gong strikka Marius, denne gongen ein gensar til ei 17 år gamal jente etter forespurnad. Kjekt og lett strikkearbeid og sidan det er vinterferie har eg fått strikka gensaren i rekordfart. I går vart gensaren overlevert, den passa perfekt og mottakaren var svært fornøgd, alltid spennande det, spesielt når ein strikkar til andre. Mønsteret er frå eit Sandneshefte og eg har strikka i Sisu i str S.
No skal det pakkast for å dra på hytta siste helga i vinterferien.
søndag 18. januar 2015
Båtsokkar
Desse båtsokkane var ei julegåve til søstera mi. Tenkte ho skulle bruka dei når dei er på tur i seglbåten sin. Sokkane ligg som gratisoppskrift hjå Hillesvåg ullvarefabrikk. Eg har kjøpt ein materialpakke og har nytta Fjordgarnet til Hifa.
søndag 28. september 2014
Nancykofte
Hausten er her, og det er godt å ha ei ny kofte eller strikketrøye ferdig til å ta i bruk.
Trøya er strikka i Sandnes mini alpakka, og vert kalla Nancykofta.
Nancyfeberen har herja rundt i landet ei tid, og eg har sett mange trøyer i utruleg fine fargekombinasjonar. Eg har vald ein av kombinasjonane i oppskrifta.
Knappestolpane på Nancykofta er vertikale. Eg føretrekkjer nok eigentleg knappestolpar som som vert strikka nedanfrå og så syast fast, men eg har halde meg til originaloppskrifta. Derfor tok eg opp masker på innsida og strikka eit belegg i glattstrikk som eg sydde fast for å dekkja sårkanten.

søndag 31. august 2014
Setesdalsgensar
Etter laaang bloggtørke håpar eg å vera i gong att no. Ein fantastisk sommar er (nesten) over, ein sommar der mykje av tida vart tilbrakt på hytta og handarbeid har vore bytta ut med maling både inne og ute.
Hadde bestemt meg for at eg ville ha ein gensar i eit tradisjonelt mønster i Finull. Fann eit mønster i boka "Norsk strikk", men plundra ein del med å få garnet og mønsteret tilpassa til kvarandre, litt opprekking måtte til både på bol og ermane. Resultatet vart tilslutt akkurat slik eg ville ha gensaren!
Denne Setesdalsgensaren vart ferdig før ferien med tanke på å ha ein lett og god ullgensar i sekken på vandring i fjellet. Med temperaturar opp mot 30 grader kom ikkje eingong gensaren ut av klesskapet.
Minnast den rake motsetning for 2 år sidan då me også hadde tenkt oss på tur på Hardangervidda på same staden, men med tåke og temperatur på 2 grader snudde vi og reiste heimatt. Så stor kan skildnaden vera.
Hadde bestemt meg for at eg ville ha ein gensar i eit tradisjonelt mønster i Finull. Fann eit mønster i boka "Norsk strikk", men plundra ein del med å få garnet og mønsteret tilpassa til kvarandre, litt opprekking måtte til både på bol og ermane. Resultatet vart tilslutt akkurat slik eg ville ha gensaren!
søndag 30. mars 2014
Tine Solheim jakke
Denne jakken har eg strikka til yngstejenta mi. Mønsteret er ein Tine Solheim modell og er strikka i Dale Monjita effektgarn i 91% alpakka.
Ikkje mitt yndlingsgarn å strikka i, hadde tenkt å laga ein jakke til meg sjølv også, og garnet var innkjøpt, men bytta det inn i garn til mine to pågåande strikkeprosjekt.
mandag 24. februar 2014
Revesokkar
I romjula strikka eg desse revesokkane med garn og oppskrift frå Hillesvåg Ullvarefabrikk. I mellomtida har sokkane vore på "tur", men no fekk eg endeleg tatt bilde av dei.
Eg er så heldig at eg bur i nærleiken av Hillesvågen, og må ta meg ein tur dit rett som det er.
Dei har masse nydeleg garn og ull og ein liten, triveleg butikk i dei gamle fabrikklokala.
Oppi berget bak fabrikken har dei laga denne utsmykninga, eit kjempestort strikkearbeid. Stilig er det.
Abonner på:
Innlegg (Atom)