lørdag 31. desember 2011
Flaskenissar
Desse flaskenissane har stått ferdige ei stund, men har mangla auge. Etter litt leiting viste det seg at eg hadde akkurat passeleg store auger i huset, og då gjenstod det berre å få sett dei på. Nissane er strikka i Fritidsgarn og deretter har dei fått eit par omgangar i vaskemaskina for toving. Oppskrifta finst i fleire ulike strikkehefter. Min størrelse passar til store brusflasker og kan også brukast til vinflasker, men då er dei litt i største laget. Julerødvinen på biletet var ei gåve til jul, og innhaldet er forlengst vekke. Nydeleg god vin!
Julekrybbe del 2
I romjula har eg fått gjort ferdig andre del av julekrybba av fellesprosjektet på Hobbyboden. To gjetarar og 2 sauer har vorte ferdigmontert. No manglar eg dei 3 vise menn og engel, men det får verta eit prosjekt for 2012.
fredag 30. desember 2011
"Papirengler"
Tidlegare i haust gjorde eg ferdig dette veggopphenget med "papirenglar". Effektane på englekjolane har eg fått fram ved å laga krympestoff, ein teknikk eg aldri hadde vore borti før. Storleiken på opphenget er ca 45x65 cm og heng i stova mi no i jula. Fargane passar godt inn i hjå meg, og eg synes det er mykje finare der det heng på veggen min enn det eg har klart å få fram på biletet. Mønsteret er AnnAKa sitt frå 2009.
tirsdag 6. desember 2011
Julekrybbe del 1
Har endeleg fått gjort ferdig del 1 av julekrybbeprosjektet som pågår på Hobbyboden. Josef, Maria og Jesusbarnet er på plass. Del 2 består av gjetarar og sauer og tilslutt kjem dei 3 vise menn. Nesten ferdig med dei 2 gjetarane også, men må venta på mønster på sauene. Strikkar av restegarn i Sisu på p 2,5.
søndag 4. desember 2011
"Julegaver"
Sidan det nærmar seg jul, passar det å leggja ut dei julerelaterte produkta mine framover. I dag er det AnnAKa sine "Julegaver" som vert blogga. Som vanleg har eg handapplikert figurane; kosar meg med slikt arbeid.
Abonner på:
Innlegg (Atom)