Bladet Lev Landlig er mitt absolutte favorittblad. Veldig glad i gamle og nostalgiske ting, og synes det er spennande med gamle handverksteknikkar og tilbereding av mat på gamlemåten. I dette bladet finn eg mykje inspirasjon, manglar berre eit gamalt hus...... Har abbonert i 2 år no, berre synd eg ikkje oppdaga bladet tidlegare.
Bladet hadde nemleg 10-års jubileum for ei tid tilbake, og i denne
anledning vart det designa ei Lev Landlig-kofte i to variantar. No har
eg strikka kofta i den klassiske varianten grått og blått.
Kofta eller
stikketrøya som eg er van med å seie, skal eg ha på hytta.
Kofta er strikka ovanfrå og ned. Første gongen eg gjer det og veit ikkje heilt om eg likar dette eller ikkje. Fordelen er sjølvsagt at det er enkelt å få kofta og ermane passe lange.