Hausten er her alt og vinteren står for døra. Då er det fint å vera på hytta, fyra i omnen og tulla seg inn i eit
godt pledd med ei god bok og ein kopp kaffi eller te og kanskje noko
godt i glaset i tillegg.
2 pledd i Eskimogarn har vorte strikka. Måtte gå til innkjøp av ny pinne 20, så tjukk pinne har eg aldri strikka med før.
La opp 55 masker og strikka perlestrikk: rett og vrang, neste omg rett
over vrang og vrang over rett. Dobbelgarn og 24 garnnøster. Kjekt arbeid, strikkar gjerne fleire etterkvart.