Viser innlegg med etiketten Vottar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vottar. Vis alle innlegg

søndag 29. april 2012

Tova vottar og restegarnsokkar




Prøver å få brukt meir av restegarnet mitt, og etter ide frå Steinkjerringa har eg strikka 5 par vottar i Pt2.
Vottane er strikka i to trådar - i to ulike fargenyansar.  Synes det blir ganske fint.  Det går med nesten eit nøste av kvar farge til eit par vottar.  Vottane er strikka med p 6 og deretter tova i vaskemaskin med grønsåpe på 30 grader.  Mønster kan du finna her.  Har endå restegarn att til minst 5 par til, om det vert fleire vottar eller andre produkt av garnet gjenstår å sjå.  Det vert iallefall ikkje strikka fleire vottar på denne sida av sommaren.  
Har også fått nytta nokre smårestar av Robust sokkegarn og strikka eit par barnesokkar i str 2-4 år.

  

søndag 25. mars 2012

Mobilvottar


I natt har vi stilt klokka mot sommaren og i går hadde vi ein fantastisk vårdag her i Nordhordland, så eg får skunda meg å leggja ut bilete av mobilvottane eg har strikka blant anna av restar etter selbuvottane eg har strikka i vinter.  Eg strikka ein mobilvott til meg sjølv tidlegare, og synes den har vore veldig grei å bruke utanpå mobilen når eg har gått tur i regn og kulde.  Får håpe vi ikkje treng å bruke desse så mykje før til hausten att!  Fine å ha til smågåver.  Mønsteret har eg funne hjå Steinkjerringa

søndag 11. mars 2012

SELBUVOTTAR IGJEN


Har strikka eit nytt par dame selbuvottar.  Vottane er strikka i Falk på p nr 3.  Kunne med fordel ha strikka dei på p 2,5 då dei vart litt lange til mi hand - stor damestr.  Mønsteret er ei gratisoppskrift som finst her.

torsdag 1. mars 2012

SELBUVOTTAR


Då er eg ferdig med eit nytt vottepar, denne gong i herrestorleik.  Mønsteret er frå heftet Votteboken til Thuvestua og vottane er strikka i Heilo på p 2,5.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...