søndag 14. oktober 2012

Dorthe Skappel genser


Då har eg gjort det ikkje trudde eg skulle koma til å gjera; strikka Dorthe Skappel gensaren.  For nokre veker sidan ringte eldstejenta heim og sa at ho ville ha ein Dorthe gensar og om eg kunne strikka ein til ho.  Og då var eg sjølvsagt ikkje vanskeleg å be.  Gjekk til vår lokale garnbutikk på Manger;
Jannickes Hjemmekos, og ho var som mange andre garnbutikkar utseld for akkurat det garnet eg skulle ha.  Då eg fekk garnet i hus, gjekk det raskt å strikka gensaren, og før helga vart gensaren montert ferdig.  Eigaren vart godt fornøgd og gensaren passa heilt flott.  Har strikka med ein tråd Royal Alpakka frå Dalegarn og ein tråd Air frå Du Store Alpakka.  Skulle ha ein gensar i XS, så var usikker på masketalet, men eg gjekk ned ein pinnestørrelse til p nr 6 og la opp 76 masker.

tirsdag 18. september 2012

Snippespekulasjer

Har starta på eit nytt prosjekt - Snippespekulasjer - frå Lappemakeriet.






Eigentleg ein BOM, men fordi eg har prøvd å gjera ferdig UFO-ar, har eg fått alle pakkane i hus, til og med watt og bakstykket.  Og vips, har eg nesten sydd ferdig sirupssnippane frå 3 pakkar.  Kjempekjekt å sy over pappmalar att, lenge, lenge sidan sist.  Vart tipsa om eit vidunderlim som eg har kjøpt hjå Quiltegården i Trondheim.  Timar med arbeid med tråkling er spart!  Limen er udryg i bruk, men gull verd likevel.  

søndag 2. september 2012

Brystduk og belte til Nordhordlandsbunad





I går var eg på Husflidstova i Isdalstø og henta den ferdigmonterte brystduken og beltet som eg har hatt inne til montering.  Mønstera er frå Nordhordland og skal brukast til Nordhordlandsbunad.  Då yngstejenta skulle konfirmerast for ein del år sidan, kunne vi ikkje heilt bestemma oss for kva mønster vi skulle sy til bunaden hennar.  Det enda med at vi kjøpte materiell til 2 sett.  Det eine settet vart sydd straks og var ferdig i god tid før konfirmasjonen.  Det andre settet som eg no viser her har eg sydd på litt innimellom i dei 5 åra som har gått.  Har sydd ein del slike sett opp gjennom åra, og dei har alle vorte sydd med ulltråd.  Det har eg gjort i brystduken her også, men beltet er ein kombinasjon av ulltråd og perler.  Det var denne kombinasjonen vi likte spesielt godt.  Dei andre setta eg har sydd tidlegare, har hatt same mønster på brystduk og belte, men til desse to finst det berre mønster for anten brystduk eller belte. Det er fullt mogeleg å bruka ulike mønster på dei to delane.

søndag 26. august 2012

Maritim sommer








Ein flott seglbåt må ha fint tilbehør!  For ei tid sidan sydde eg settet Maritim Sommer designa av AnnAKa, som ei gåve til eigarane av ein stor, flott seglbåt.  Desverre har eg ikkje bilete av båten.  Det var eit krevjande arbeid å laga både duk, 2 puter og presskannetrekk, og eg sydde og sydde.  Dei som har lese bloggen min før, veit at eg likar helst å applikere for hand, og det gjorde eg her også.  Frihandsquilting på maskin likar eg derimot ikkje noko særleg, men det måtte gjerast, og eg rakk akkurat å få ferdig quiltinga før vi gjekk ut døra til besøket der gåva skulle overrekkjast.  Bilete rakk eg sjølvsagt ikkje å ta då, seint ute som eg var.
No etter ei lang tid har eg endeleg fått låna settet tilbake for å ta bilete.  Rakk akkurat å blogga om det ein av dei siste sommardagane for i år (snart september og haust).  Eg synes dette er noko av det finaste eg har laga nokonsinne innanfor lappeteknikk, og det var ei stor glede å gje det vekk til nokon som verkeleg sette pris på det.
Fort skulle det gå - og gale gjekk det også.  Det høyrer med til historia at då eg skulle reinskjera kanten rundt presskanna før eg sette på lukkekanten, skunda eg meg slik at skjerekniven glapp, og eg kutta av meg litt hud på venstre peikefinger. Legevakten måtte oppsøkjast etter kvart, og eg var tilsaman 9 gongar på legekontoret for å få skifta på såret!!  Men no er fingeren god som ny og alt dette er gløymt.

søndag 19. august 2012

Stikkelsbær




For mange år sidan fekk eg eit lite stikkelsbærtre hjå hyttenaboen.  Treet vart etter kvart flytta til min eigen hage.  Fleire bærtre har eg ikkje her, men det er utruleg kor mykje bær dette eine treet har hatt, sjølv om det i år var mindre bær enn det har vore dei siste åra.  I fjor vart det ikkje plukka eit einaste bær, året før laga eg syltetøy.  Sidan stikkelsbærsyltetøy ikkje er den største favoritten blant pålegg her i huset, fann eg ut at eg måtte prøve noko nytt i år.  Surfa litt rundt og fann oppskrifter på både saft og likør, så då vart det til at eg laga det.
Først likøren der eg blanda bær med 60% vodka.  I det eine glaset putta eg oppi ei vaniljestang.  Denne skal no stå i 5 veker før sukkeret skal i.  Ifølge oppskrifta bør denne likøren stå og godgjera seg i 12-18 mnd, det vil seia at den kanskje kan smakast på til jul 2013 - men ein gong må den lagast, så får eg ta tida til hjelp.
Resten laga eg stikkelsbærsaft av.  Fekk henta meg ein saftkokar og fekk 2,2 liter råsaft som eg deretter blanda med 2-4 dl sukker pr liter råsaft.  Resultatet vart 3 1/2 flaske saft.  Kan ikkje hugse å ha smaka stikkelsbærsaft nokon gong, så det vert spennande - må berre vente til safta vert skikkeleg kald.

fredag 27. juli 2012

Roseteppet







Endeleg eit nytt blogginnlegg frå meg.  Roseteppet med mønster frå AnnAKa har lagt ferdig ei stund, men det har teke si tid å få tatt bilete av det, ikkje like lett å ta bilete av så store ting heller. Teppet  vart veldig fint synes eg, og dette teppet skal eldstejenta ha.  Eg likar veldig godt å applikere for hand, og det har eg gjort på heile dette teppet også.  Meretes Quiltestue har quilta teppet for meg, ho er superflink.  No har begge jentene fått kvar sitt teppe, så neste store prosjekt får verta til meg sjølv.  Har starta med Snow Days - masse stitchery på dette, så det passar meg fint.  

søndag 3. juni 2012

Fanagensar



Har strikka Fanagensar med rundsal til eldstejenta.  Kjekk gensar å strikke etter gamalt.  Har ikkje strikka med rundsal før, men synes den vart veldig fin og den passa perfekt til mottakaren.  Mønsteret er frå Sandnes sitt hefte Til fjells1011 barn-voksen.  Eg har strikka i Sandnes mini alpakka på p 2,5 og 3.  Skulle tru ein kunne leggja gensaren vekk for sommaren, men med den vinden og temperaturen som er ute her hjå oss no, vil det absolutt vera aktuelt å ta den i bruk når som helst.

lørdag 5. mai 2012

EVENTYRTEPPET





Endeleg har eg fått tatt bilete av Eventyrteppet slik at eg kan visa det her på bloggen min.  Dette teppet er det AnnAKa som har laga mønsteret til.  Alle eventyrmotiva er sydd for hand som stitchery.  For meg er dette eit avslappande og koseleg handarbeid.  AnnAKa har tatt utgangspunkt i eventyr ho høyrde som liten og fargar som minna ho om barndomen sin.  Eg har hatt teppet mitt til quilting hjå Meretes quiltestue, og resultatet var eg veldig fornøgd med.









søndag 29. april 2012

Tova vottar og restegarnsokkar




Prøver å få brukt meir av restegarnet mitt, og etter ide frå Steinkjerringa har eg strikka 5 par vottar i Pt2.
Vottane er strikka i to trådar - i to ulike fargenyansar.  Synes det blir ganske fint.  Det går med nesten eit nøste av kvar farge til eit par vottar.  Vottane er strikka med p 6 og deretter tova i vaskemaskin med grønsåpe på 30 grader.  Mønster kan du finna her.  Har endå restegarn att til minst 5 par til, om det vert fleire vottar eller andre produkt av garnet gjenstår å sjå.  Det vert iallefall ikkje strikka fleire vottar på denne sida av sommaren.  
Har også fått nytta nokre smårestar av Robust sokkegarn og strikka eit par barnesokkar i str 2-4 år.

  

søndag 22. april 2012

BABYTEPPE





Dette babyteppet har vore nesten ferdig ei god stund, men quiltinga mangla.  Eg hadde lyst at quiltinga skulle verta så fin som mogeleg sidan dette er eit teppe som kan brukast som vognteppe eller veggteppe.
Då eg sende Eventyrteppet og Roseteppet (kjem snart i bloggen min) til quilting hjå Merete, fekk eg dette vesle teppet quilta samstundes.  Eg har stitcha midtpartiet og rundt kanten.  Krusedullane her skal forestilla spolar.

tirsdag 17. april 2012

GODE FORMÅL




I fjor på denne tid strikka eg 2 lappeteppe til sjukehuset i Okhaldhunga i Nepal.  Sjukehuset ligg langt oppi fjella og vintrane er kalde.  Jorunn i Bergen samlar inn teppe og sender til Kristin og Erik Bøhler, som jobbar på sjukehuset.  Babyar som vert fødde på sjukehuset, får eit teppe med seg når dei reiser heim.  No har eg strikka ferdig eit teppe til og denne gongen har eg brukt opp Sisu restegarnet mitt.  Måtte supplere med nyinnkjøp av eit par nøster for å få nok.  Dette er ein vinn - vinn situasjon;  eg får brukt restegarnet mitt til noko fornuftig, og ein liten baby kan halda seg varm og god.  Rutene er strikka i rillestrikk og er ca 15x15 cm.  Utanpå teppet har eg hekla ein omgang med fastmasker og deretter ein liten pyntekant.
Har du lyst å lesa meir om dette prosjektet, kan du lese om det her.  Teppet mitt må no liggja på vent til hausten før eg kan senda det, for no skal Kristin og Erik pakke saman før sommaren og dei dreg ikkje attende før i slutten av august.


50-øringen er snart historie.  I forbindelse med dette har Kreftforeninga oppfordra til å samla inn 50-øringar og støtta det viktige arbeidet dei gjer.  Vi har hatt ein liten innsamlingsaksjon i heimen, og med stort bidrag frå yngstejenta sin sparekasse har vi funne fram 264 myntar som no er gjort klar og er på veg til banken i morgon.  Oppfordrar alle som les dette om å gå på innsamlingstokt i heimen -  kvar einaste 50-øring tel.

søndag 8. april 2012

Påskehelg og småstrikk

Størstedelen av påskehelga vart tilbrakt på hytta.  Dei fleste dagar med strålande ver.  Litt for kaldt til å sitja lenge på terrassen og nyta den flotte utsikta me har.


Bak hytta vår er det lauvskog, og bjørkene har vakse seg kjempehøge.  Med fare for at dei kunne falle over både straumledningen og hytta, gjekk vi i gang med å fella 7 kjempehøge trær 15 meter høge.  Ein risikosport som fekk hjarta til å banka fortare enn normalt når mannen saga og eg og jentene skulle prøva å sikra trea ved å dra i tau som mannen hadde festa rundt trea - men det gjekk bra, trea fall der dei skulle.



Ein dag gjekk vi ein flott tur opp på Tysnessåta, 752 m.o.h.  Ei fantastisk utsikt over store delar av Sunnhordland!

Litt strikking vart det også innimellom.  Ein kjøkkenklut strikka i bilen og 2 par sokkar strikka av restegarn i Opal.  Eine paret hadde eg akkurat nok garn til, det andre paret er restar frå 2 ulike nøster.
Sokkane er strikka på p 2,5 og eg la opp 60 masker.  Kjøkkenkluten er strikka i Tuva garn - 60 m og p 4.



Har også fått ferdig pynten på eit smykkesjal.  Her har eg lagt opp 3 m og auka 2 m kvar 2. pinne til 15 m.  Så strikka eg ca 1,5 meter og felte av til eg hadde 3 m att.  Pynten er laga av ei tova ullkule, ei svart trekule og ein "sølvring".

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...