Regnbuesokkar har eg strikka mange par av gjennom mange, mange år. Med sine friske fargar har dei vore ei populær gåve til vener og bekjente. Gode kosesokkar å ha på hytta også. For ei tid tilbake kjøpte eg inn Hifa ullgarn til mange sokkar i dei tradisjonelle fargane gul, orange, raud, grøn, blå .... og strikkar eit par i ny og ne. No har Hifa utgjeve forslag til andre fargekombinasjonar på sokkane, og eg har strikka to par sokkar i gråtonar. Dette er ei bestilling som skal vera julegåver. For å variera størrelsen, strikkar eg med ulik str på pinnane. Dei to para i gråtonane er strikka på p 3 og p 3,5 og tilsvarar str 37 og 38. Mønsteret kan lastast gratis ned på www.ull.no.
Desse bileta tok eg forrige helg. Plenen er ganske så grøn her i slutten av november. Det nærmar seg jul, og eg ynskjer meg kvit jul. Kanskje gå litt på ski også. Det har vore litt kaldare denne siste veka og me har sett litt kvitt både i lufta og på bakken. Eg ynskjer meg meir. No skal det pyntast til adventstida. Gler meg til å ta fram lappeteknikkløparane og putene mine som eg sydde for eit par år sidan.
5 kommentarer:
Eg har sansen for fargeglade vinterføter, men denne kombinasjonen er jo mest uimotståeleg !
Det er mest så eg kan kjenna varmen frå desse :)
Siri
De er så flotte de sokkene!! Har sett de i vinduet på Den Blå Tråd på Sortland, kanskje jeg bare må kjøpe mønsteret når jeg skal dit i jula :) Jeg er veldig glad i farger, men de grå var også veldig lekre!
Artige læsta.
Så herlige flotte sokker du har strikket.
Man blir glad når man ser fargen på de fargerike sokkene.
Flotte sokker. Takk for link. Har lastet ned mønstert og skal absolutt strikke et par slike.
Legg inn en kommentar