søndag 26. august 2012
Maritim sommer
Ein flott seglbåt må ha fint tilbehør! For ei tid sidan sydde eg settet Maritim Sommer designa av AnnAKa, som ei gåve til eigarane av ein stor, flott seglbåt. Desverre har eg ikkje bilete av båten. Det var eit krevjande arbeid å laga både duk, 2 puter og presskannetrekk, og eg sydde og sydde. Dei som har lese bloggen min før, veit at eg likar helst å applikere for hand, og det gjorde eg her også. Frihandsquilting på maskin likar eg derimot ikkje noko særleg, men det måtte gjerast, og eg rakk akkurat å få ferdig quiltinga før vi gjekk ut døra til besøket der gåva skulle overrekkjast. Bilete rakk eg sjølvsagt ikkje å ta då, seint ute som eg var.
No etter ei lang tid har eg endeleg fått låna settet tilbake for å ta bilete. Rakk akkurat å blogga om det ein av dei siste sommardagane for i år (snart september og haust). Eg synes dette er noko av det finaste eg har laga nokonsinne innanfor lappeteknikk, og det var ei stor glede å gje det vekk til nokon som verkeleg sette pris på det.
Fort skulle det gå - og gale gjekk det også. Det høyrer med til historia at då eg skulle reinskjera kanten rundt presskanna før eg sette på lukkekanten, skunda eg meg slik at skjerekniven glapp, og eg kutta av meg litt hud på venstre peikefinger. Legevakten måtte oppsøkjast etter kvart, og eg var tilsaman 9 gongar på legekontoret for å få skifta på såret!! Men no er fingeren god som ny og alt dette er gløymt.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Kjempeflott.. Nydelige maritime farger. Godt å høre at mottakeren ble fornøyd, for dette ligger det mye arbeid bak.
Helt utrolig lekkert. Jeg er stum av beundring.
Fint mønster, lekre farger og utrolig flott jobb :-)
Guri malla!!Dette var virkelig flott!! Ikke rart mottager ble fornøyd - heldige dem!!
Legg inn en kommentar