Har begynt å få ferdig ein del av UFO-ane mine. Her er den første UFOen eg gjorde ferdig; Margerittløparen med AnnAKa sitt mønster. Kjøpte materialpakke hjå Lappedilla for 2 år sidan då eg var på ferie nordover. Vart veldig fornøgd med denne; både mønster og fargesamansetjinga.
Har også gjort ferdig Eventyrteppet og Roseteppet (desse er også AnnAKa mønster), og har gjort avtale med
Merete som skal quilta begge teppa for meg. Må prøva å få sendt dei avgarde i morgon.
1 kommentar:
Nydelig løper
Legg inn en kommentar