søndag 2. mars 2008

Høgtidsenglar








Har kjøpt mønster og stoff til AnnAKa sine Høgtidsenglar. Dei to siste åra har eg prøvd å få tid til å sy denne løparen før jul, men eg har ikkje klart det. No har eg funne ut at eg får begynna i andre enden; altså begynna etter jul og ikkje like før, slik at det kan vera eit håp om at eg kan leggja denne nydeleg løparen på bordet til jula 08. Har klipt ut alle stripene og sydde desse saman. Neste steg vert å klippa underlag og vatt, og quilta desse laga saman med stoffstripene. Så skal eg klippa ut alle applikasjonsbitane og få desse sydd på.
















2 kommentarer:

Anonym sa...

Nydelig mønster på denne løperen:)
og søt veske med hunder:)

Anonym sa...

Heisann. Denne holder eg også på med. En liten oppdatering på denne i bloggen min i morga :) Ha ei fin veke.
Ronille

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...